22. desember 2009

Lynne Cox eit stykke nærmare og ryggsvømming - (del 2)

Det gjer seg kanskje ikkje spesielt godt å bruke innleggstitlar om att og nummere dei, i staden for å finne på heilt nye, originelle titlar.
Men denne bloggen min er jo ikkje akkurat med i ein konkurranse om å vera mest original.
Den berre ER.

Og i dag var det all grunn til å gjenta essensen av innlegget om Lynne Cox-intervall.
I dag hadde eg fri.
Eg hadde også eit ærend i Bø, og god tid til å slå i hel eit par timar på kafé med ei god venninne, og nyte traveltheten av jolehandlande folk rundt oss.
Me prøvar alltid å halde ut så lenge me kan. Tida går, og me blir etterkvart slitne av å skravle i eitt utan pause, men må halde på likevel for ikkje å bli trøtt...

Til slutt kjende eg blodsukkeret ramle i kjellaren, og eit par bananar frå nærmaste matbutikk etter avslutta kafébesøk gjorde susen.
Og så stod eg der igjen - med det dilemmaet: ut desember månad har eg fortsatt svømmeavtale hos Gullbring kulturanlegg: svømme så mykje eg vil for 200kr i månaden. Dette er tilbud for studentar.
Sidan min studentstatus opphøyrer frå januar av, skulle ein tru at det var gunstig å benytte meg av dei siste anledningane til å svømme til svært gunstig pris i eit kjempeflott svømmeanlegg som Gullbring er.
Men -
så var det igjen det - at - det er tysdag idag.
Og då er er solklart: svømmedag i Seljord.

Det finst dessverre ingen månadleg avtale å inngå for Seljord symjehall, der ein kan svømme så mykje ein vil for ein på førehand betalt sum i månaden.
Eg ville stått først i køen for å få meg ei slik avtale.

Så sjølv om eg kunne ha spart 40kroner ved å svømme i Bø, køyrte eg altså like godt til Seljord og svømte der.
Eg hadde ein mistanke om at tysdagen før jol, då kunne det neppe vera meir folk i bassenget enn ellers.
Og eg skulle ha rett.

Då eg kom meg ut i bassenget, var det tre svømmarar i bassenget.
Eg var nummer fire.
Med omsyn mot mine medsvømmarar, som ikkje bruka svømmebriller, valgte eg å svømme midt mellom bane tre og fire, slik at eg heldt størst avstand.
Det sprutar ikkje lite når eg svømmer intervall, må vite.

(i alle fall så kjennest det slik. eg har vel aldri sett meg sjølv svømme. men det er ikkje vanskeleg å lesa av ansikter til folk i bassenget som må svømme tett innpå ein krålsvømmer, at dette ikkje er så veldig behageleg)

Blodsukkeret hadde i mellomtida stabilisert seg, og sidan siste treningsøkt låg to dagar tilbake, kjende eg overskudd og lysten på ... Lynne Cox-intervall. Som eg kallar dei.

Strengt tatt så klarar eg ikkje å svømme desse intervalla i originalutgåva. Altså 100m-intervall på 1:45. Og i alle fall ikkje 30 repetisjonar.
Eg begynner eigentleg å lure på om dette i det heile tatt kan stemme.
Kanskje er det ikkje snakk om 100m, men 100 yards?
Då vil det vera nesten 9m mindre å svømme.
Men likevel.

Opplegget mitt er altså å svømme 100m intervall til eg kjem så nærme 100m intervall på 1:45 som mogleg.
Og i dag var det dekka for nok ein ny pers:
Etter 250 roleg oppvarming, så kjendest dei første 100m heilt vidunderlege.
Dei første 25m kjende eg knapt behovet for å puste, men gjorde det, for ordens skyld.
Dei neste 25m var også fort gjort, og dei siste 50m kjendest armane fortsatt sterke.
Eit blikk på klokka: 1:35!
Dette er ny personleg rekord!! :D

Ikkje veit eg kva eg skal bruke denne farten til, spesielt ikkje når eg planlegg å svømme 3,8km på min planlagte ironman i Frankfurt i juli. Men trening skal jo vera moro?
Og moro er det å svømme fort.
Gira opp av farten og bølgjene som eg laga som skvulpa litt over bassengkanten blei dei til saman fem intervall, der eg prøva å halde farten så godt eg kunne.
Men den eine stakkarslege bananen eg hadde fått i meg dei siste tre timane var for lengst brukt opp som energikilde,
og persen min på 1:35 bestod også gjennom dei etterfølgande intervalla.
Men likevel - fem intervall på rundt/under 1:40, det er ikkje dårleg, til meg å vera.

Kanskje er det styrketreninga som har hatt effekt?
Dei som har forska grundig på det, påstår at farten på svømminga er avhengig av teknikk og styrke, og det i lik stor grad.
Det vil seie, når ein har dårleg teknikk kan ein kompensere med styrke, mens ein kan ha så god teknikk ein vil, utan styrke blir ein ikkje fortare.
For tida jobbar eg med styrken.
Teknikken er der.
Den er ikkje perfekt. Sjølvsagt. Men den er god nok, den.

Og trene styrke skal eg jo uansett. Og svømme skal eg uansett.
Eg trur eg er i ferd med å bli litt fisk igjen.
Etter 5x100m intervall prøva eg meg på 500m krål i tilnærma konkurransefart. Dessverre fekk eg ikkje tatt tida på den, sidan pulsklokka mi forsvann på mystisk vis ut av dunjakkelomma på laurdag og blei ikkje sett sidan...
Nå hadde også den siste av mine medsvømmarar forlatt bassenget, og då er eg rett og slett nødd til å halde på litt til.
Eg hadde eigentleg tenkt å kome meg heim litt tidlegare denne kvelden, sidan eg hadde ei natt med dårleg søvn og ville ikkje legge meg så seint, men å forlate eit basseng som eg hadde heilt for meg sjølv var sjølvsagt UAKTUELT.

Det er noko med vannflater som utøver ein sterk fascinasjon og tiltrekningskraft på meg, og då er det til og med nok med denne vesle flata på 25x15m.
Ryggsvømming har jo blitt ein av mine favoritteknikkar, og sidan det er lurt å ikkje ha for mykje folk rundt seg i bassenget, bestemte eg meg for ytterlegare 500m, denne gongen ryggsvømming.

Farten er det sjøvsagt så som så med når eg svømmer rygg.
Den er kanskje ikkje så verst. Men vendingane er kompliserte.
Men etter litt over 10minuttar var også dette unnagjort.
Så kva skulle eg finne på?
Eg begynte å angre på at eg ikkje hadde ete ordenleg lunsj i dag.
Eg begynte å bli sulten.
Klokka nærma seg halv ni.
Og Binna sat tolmodig ute i bilen og venta.

Som ei avslutning dykka eg dei siste 25m, frå bassengkant til bassengkant.
Det slår meg alltid like mykje kor fort det går an å tilbakeleggje denne strekninga, og kor uanstrengt det går når ein berre tenker på noko heilt anna.

Så kom eg meg til slutt opp av bassenget.
Fornøydd og litt slapp i armar. Og fast bestemt på at eg i framtida skal passe på at tysdagar, då skal eg lade godt opp med nok mat, for å kunne nyte svømme så lenge eg orkar...
Eg ER visst litt fisk, eg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar