27. juni 2010

Ei veke igjen

Utruleg.
Det er berre ei veke igjen.
Eg gleder meg.
Eg gleder meg til å stå på stranda, like før start, og kjenne på galskapen eg skal hive meg utpå. Og stoltheten over at eg turde å melde meg på eit så stort prosjekt.


Eg veit ikkje om eg gleder meg til HEILE Ironman.
For det veit eg jo ingenting om.
Men eg gleder meg til starten.

Sjølv om målet er først og fremst å fullføre, så er målet også å kome til start.
Så når det er nådd, skal eg vera fornøydd.
Resten får eg prøve meg på så godt eg kan.

"Taper" har eg høyrt og lest så mykje om. Mange blir usikre. Savnar treninga. Føler dei burde ha gjort meir. Så skal ein helst ikkje trene så mykje, men lade opp i denne perioden.
Ein skal helst sitte igjen med ein god følelse av overskot etter treningsøktene i denne fasen.

Hm. Det veit eg ikkje heilt om eg gjer.
Sikkert er at eg har trappa ned treninga voldsamt denne veka.
Usikkerheten over kva eg eigentleg skulle gjera, var stor.
Det hjelpte heller ikkje noko særleg å lese om det.

På fredag var eg igjen i intervallhumør.
Eg likar å springe intervall på bane. Helst 800m.
Men andre distansar er også fine.
Dagen før hadde eg ikkj trena, og på onsdag var treningsomfanget ikkje så stort, så eg trudde det skulle gå bra.

Men beina kjendest noko tunge.
Farten var heller ikkje der.
Kan hende det var det varme og fuktige været.
Eg merka at beina mine ikkje var fullt restituerte. Med ein heil dag pause imellom??

Det blei 4x800m i staden for planlagte 5x800m.
Farten var også litt saktare enn sist (viss 5sek meir pr 800m kan vera noko å snakke om da).
Dette er noko ein ikkje skal drive med i ein taper før ein Ironman.
Med mindre ein kanskje kallar seg proff triatlet.

For min del, så treng eg å springe/sykle litt hardt jamnt, for å halde mellomgulvet i form. Det treng litt trening. Og ved høg intensitet får denne muskelen absolutt god trening.


Så eg og fysioterapeuten min har resonnert oss fram til at høgintensitetstrening i form av intervall absolutt burde ha ein positiv effekt på eit mellomgulv som ikkje gjer jobben sin. Dessutan synst eg at intervall på bane er moro.
Pakke sekk med drikke, handkle, restitusjonsmat, klesskift, lettvektssko, køyre ned til idrettsbanen, det synst eg er veldig avkoblande.

Eg likar den spesielle stemninga på idrettsbaner. Gamle idrettsbaner som i Seljord ber i tillegg preg av bruken gjennom tida.

Intervalltrening på bane er for meg eit slags "løpetreningskonsentrat". Fokus er på løping. Intensiteten så høg at det er lite plass for andre tankar. Pulsen går raskt, men jamnt. Oppmerksamheten er retta på alle musklar, og deira samspel. Eit rask blikk på klokka ved første runde. Korleis kjennest kroppen i andre runden?
Blir beina stive? Eller er det overkroppen som strittar imot?
Korleis er pusten i dag?
Kva er stegfrekvensen, er haldninga avslappa?

Runde nr 4 valgte eg å bli den siste. Muskulaturen i låra kjendest ørlitegrann stive, noko som eg ikkje har opplevd på lenge. Og sidan eg eigentleg ikkje vil ha stive musklar så kort tid før Ironman, og ikkje heller trengte fartstrening heller, var det like greitt.
Ein smule bekymra blei eg med tanke på korleis beina ville kjennest neste dag.
Intervalltrening på ikkje-restituerte bein, korleis blir dette neste dag, tru?

Men denne bekymra skulle vise seg å vera unødvendig.
Ikkje eit snev av stølhet kjende eg neste dag. Ikkje trøtthet heller.
Bra.
Likevel så valgte eg laurdagen til restitusjon og mental opplading. Ute i sola.
Innbilte meg at det var viktig og riktig å trene på å tole varmen.
Sidan sist eg sjekka yr.no for "Frankfurt a.M.", såvar det 32 gradar i vente på sundagen. Og overskya.
Ok, dette kan bli interessant. Best å trene på å kjenne på høge temperaturar da.

Laurdag, 26. juni. Eg og Binna er i hardtrening for å tole varme...

Binna er glad i varme ho også, og likar å sole seg. Ein ganske varm pels...

Einaste mosjonen den laurdagen var rusleturen med (riktignok stor og tung) sekk for å handle mat. Nå geld det å ha glykogenlageret godt forsynt heile tida.
Dessutan var det nydeleg kveldssol i sentrum.

Fine blomar i kveldssola langs vegen. Dette er ei kvit revebjelle (Digitalis purpurea)

I dag er det søndag, og treningsmotivasjonen er på topp.
Eg har så lyst til å sykle at eg får vondt kvar gong eg går forbi temposykkelen min. Skal eg unne meg ein liten tur på ChiCqiloen i dag? Eller heller ta fram Marvil'n, og sjekkar at den funkar som den skal?
Våtdrakta har heldigvis tørka sidan sist, og havna i skapet igjen, ellers hadde lukten av neopren gjort meg aldeles rastlaus.
Kanskje må det bli både svømming og sykling på meg i dag.
Dagen har fortsatt mange timar med fint vær å by på.
Dessutan har det vist at eg yr.no spår REGN på konkurransedagen i Frankfurt.
Hm.. regn og 27 gradar er forhold eg virkeleg ikkje kan framskape her i Vest-Telemark for tida.

Så får eg heller satse på at yr og andre meterologar ombestemmar seg, og avlyser regnet.
Fram til da skal eg faktisk gjera som Joe Friel anbefalar i "taper"fasen (det han kallar Peak Period i boka si "Going Long", side 302):

"Remember that the overriding goal for the Peak Period is to prepare to race. As well as eliminating all training fatigue, reduce (ideally, remove) as much nontraining stress as possible. [...]"

Dette er bra.

Det er ikkje vanskeleg å ta det med ro når utsikten frå plenen er slik...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar