3. august 2011

Helse frå 1 til 10

I går blei eg bedd om å sette eit tal på helsa mi, på ein skala frå 1 til 10, der 1 er dårlegast og 10 er best.
Eg blei litt satt ut, og ganske usikker.
I tidlegare kartleggingar har eg greidd å sno meg unna slike spørsmål ved å overbevise "intervjuaren" at eg ikkje kan forsvare å sette eit kvantitativt mål på ein slik kvalitativ eigenskap.
Men dette var i studietida, og på den tida stilte eg meg kritisk til dei fleste statistikkane, forskningsresultat, nye oppdaginger osv, sidan mykje av populærforskning er basert på kvalitativt dårleg gjennomførte analysar og undersøkingar.
Men i går hadde eg rett og slett ikkje tid til å argumentere, og heller ikkje lyst.
Likevel, korleis er helsa mi på ein skala frå 1 til 10?
Eg svarte at det måtte vera ein sterk femmar.
Wong-Baker  FACES Foundation lagar ein skala frå 1-10 for beskriving av graden av smerte. Eg har modifisert denne skalaen til mitt eige bruk, for å kunne sette tal på helsetilstanden min nå i etterkant. Originalen frå Wong-Baker finn du her.

Helsa mi er svært varierande, og kan veksle frå 3 til ein sterk 7, nesten 8 i løpet av eit par dagar. Men då blir jo gjennomsnittet likevel 5.
Og ein kan jo lure på kva er best, ei veke som består av berre helse-5-dagar, eller av 3x3 og 3x7 og 1x8 (som blir 5,4 i snitt).
Sjølv om det kan bli ganske utmattande og slitsamt å ha uforutsigbar og svingande helse på denne måten, så vil eg faktisk heller ha det slik, svingande. Men det er kanskje fordi det er lettare å akseptere det kjendte framfor det ukjendte?
Helsetilstanden min kan beskrivast ved hjelp av ein berg og dalbane. Det går vanvittig opp og ned!

I utgangspunktet blei eg satt ut av spørsmålet fordi eg trur at folk definerar "helse" på ganske forskjellige måte, og var usikker på om eg og spørsmålsstillaren var einige om kva helsa handlar om. Det blei dessutan ikkje skilt mellom fysisk og psykisk helse, noko som gjorde det enda vanskelegare for meg å svare.

Verdens helseorganisasjon, WHO, definerar helse (health) på følgjande måte:
Denne definisjonen blei vedtatt i 1946, og har ført til ein god del diskusjonar og ueinighetar. Det skjønner eg godt. "Helse er ein tilstand av fullstendig fysisk, mental og sosialt velvære og ikkje berre fråvêr av sjukdom eller lyter"?
Slike bilder dukkar opp i hodet mitt når eg les om WHO's definisjon av helse: tilsynelatande sjukdomsfrie glade mennesker i vellykka sosialt samspel...

Dette høyrest for meg ut som det vestlege idealet om det gode liv, og vanskeleg å oppnå for folk flest over lengre tid.
Eg har opplevd at så lenge eg har det bra fysisk og sosialt, så taklar eg jo dei mentale utfordringane forholdsvis bra.
Og om eg er frisk og rask i kropp og sjel, så orkar eg også å vera litt einsam og toler savnet etter eit godt sosialt samvær. I alle fall i periodar.
Men klart, når det skrantar på alle desse tre områda, då er helsa i fare.


Dess meir eg skriv om dette temaet her, og prøvar å finne fram til ulike definisjonar av helse, dess meir usikker blir eg.
Det hjelpte heller ikkje at at Norsk medisinsk ordbok hoppar elegant frå helmintologi til Helsinki-deklarasjonen over den plassen der "helse" skulle ha stått.
Eg var sikker på at eg skulle få svar i Norsk Medisinsk Ordbok.

Og dei fleste definisjonane av helse som eg fann på nettet manglar kilde.

Men ein artikkel på Wikipedia fanga min interesse:

"Medisinsk er helse definert som organismens evne til å effektivt svare på stressfaktorer og effektivt restituere og vedlikeholde en likevektsbalanse. Skade- og sykdomsforebyggelse er viktig for et godt liv og god helse."

Ikkje veit eg kor hen denne definisjonen er formulert opprinneleg, men den virkar i alle fall meir realistisk enn definisjonen frå WHO. Sjølv om eg er usikker på kor "effektiv" ein skal prøve å vera i møte med stressfaktorane. Etter mi meining kunne det passe mykje betre med "hensiktsmessig" eller "tilstrekkeleg".
Å gå ein kveldstur i skogen i halvannan time er kanskje ikkje spesielt effektivt som reaksjon på stress. Men du verda så godt det fungerar! Bildet er frå kveldsturen på måndag, på ein nyoppdaga sti oppover i Kivledalen.

Og når Wikipedia først er inne på skade- og sjukdomsforebyggelse, så kjenner eg at eg har lyst til å vie meg akkurat dette, skadeførebygging via variert og regelmessig løping framfor "skippertak"-løping. Eg har planlagt ei lite intervalløkt denne veka, og eg kan nesten ikkje finne på fleire gode grunnar unnskyldningar til å la vera i dag...

Ein velstelt sandbane. Slik skulle banen i Seljord sett ut! Men "terrengløpebane" er jo ganske ekslusivt ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar