16. november 2011

Følt temperatur

Det har vore så utruleg fint haustvêr dei siste dagane.
Då må eg berre ut!!

Sidan det mest sannsynlegvis blir torsdagstur i morgo, hadde eg meir lyst til å få meg ein sykkeltur i dag. Dessutan har eg tilbrakt heile gårsdagen med å kjenne på støle musklar etter fjellturen på måndag...

Det er kjekt med variasjon.
Dessutan trengte eg litt fart og spenning i dag.

Så det blei den gode "gamle" motbakketuren opp til Grimås.
Ein liten tur innom Arne på Intersport i Seljord for å få justert bremsene som hadde opptil 0 effekt bak, og var ganske nedslitte framme.
Arne er flink med sykkel og utsette den påbegynte lunsjpausen sin og hjelpte meg med stramming, justering og utveksling av bremseklossar og -vips - så var sykkelen min klar igjen til topptur!
Superservice!

I dag var det rundt 0gradar. Men vindstilt. Så det blei ganske varmt i motbakkane.
Forskjellen mellom sol og skygge kjendest også godt. Det var nesten deileg avkjølande med partier som låg i skyggen.
I løpet av 475 høgdemeter blei det ganske varmt.Men det er ikkje så langt igjen.
Heilt oppe på parkeringsplassen ved Grimås hadde sola alt gått ned, mens Grimaren fortsatt låg bada i ettermiddagssol...
Grimaren må vente til ein annan gong.
Og eg har så lyst til å koma meg opp på Grimaren!
Lurar på når det blir.

Men nå var det noko heilt anna som venta meg: belønninga for motbakkestrevet: nedoverturen!

Med temperaturen rett under frysepunktet og ein fart på 40km/t er jo den følte temperaturen betydeleg lågare enn den gradestokken visar.
Både yr.no  og lexikonet til Meterologisk institut "metlex" har tabellar (det er jo sider frå Norsk Meterologisk institutt begge to) der ein kan sjå kor kaldt det eigentleg kjennest når det kjem (farts)vind i tilleg.
Vindavkjølingsindeks - frå Meteorologilekson
Kjekt å tenke på, ikkje berre på sykkelen, men også når vinteren kjem, med snø og vind.
Hytta til Seljord Røde Kors på Grimås, og litt av Mælefjell i bakgrunnen.
Eg hadde tatt med ekstra tights (Off-track Norrøna modell frå 2007, gjer framleis susen og er super behageleg med vindtett framside), vindvest, vindjakke, votter (sykkelhanskene er fine og gode, men altfor kalde i sterk vind), windstopper-balaklava og ekstra buff.
Skiftesonen på Grimås: nå skal det bli godt å få på litt varmt tøy!
Eg kjendte meg litt michelinmann etter at eg hadde skifta, men var nok eit lurt klesvalg for turen nedover.
Michelinwoman.
Det var lurt å ha på ekstra og vindtett tøy - det einaste som blei iskaldt var tærne mine. Dei mistar eg fort følelsen i, og all risting og tøying hjelpte ikkje. Null følelse i ein halv time. Men du verden så deileg det var å koma i ein varm dusj då etterpå!
Ein annan måte å få varmen i tærne på er jo å finne på rare sprell i fjellet. Slik som her ;)
Eg lurar på kva eg kan gjera for at føtane mine ikkje skal fryse slik?
Eit par sykkelsko med littegrann meir plass til føtane og eit ekstra par sokkar hadde gjort susen, tenker eg.
Eller kanskje eit dobbelt par overtrekksko?
Denne utsikten er også verdt å fryse litt på tærne. Nydeleg med Skorve i låg ettermiddagssol!
Er open for varmande forslag.
Har til og med tenkt at det kunne vera fint med slike varmesålar eller varmeelement som ein legg i skoen. Som avgir varme. Tenk så deileg det hadde vore med varme føter på ein vinterdag på sykkelen!
Ser fram til å prøve ut litt til.
Berre snøen ventar med å kome til desember, så er eg fornøydd ;)

3 kommentarer:

  1. Wow, det ble en frisk tur ja ;-) Sprekt gjort med tanke på temp.forholdene!! Sykle nå er jo nesten galskap ;-) Jeg hadde ikke overlevd!

    Jeg støtter varmeelement! I dag mistet jeg følelsen i tærne mens jeg kjørte bil!! Temp. -1C, ullsokker og vanlige sko.... hvordan skal jeg klare meg gjennom vinter'n?? ;-) trippelt lag med ullsokker og ullsåler nedi skoene? ;-) nei, jeg får teste varmeelement. Silja

    SvarSlett
  2. Hos Os i Drammen snødde det i dag så det ble en tur på tredemølle. Kos deg ute så lenge det er fint . Jeg er glad for snø men samtidig liker ikke å trene i kulda. Du er tøff som tar slike lange turer. Men du er jo Iron woman

    SvarSlett
  3. Ja litt galskap er det alltid plass til her, spesielt når det gjeld sykling i fjellet, Silje! ;)
    --> Har lenge køyrd ein bil sjølv der føtane mine blei iiiiskalde, brr, då vil eg heller ha kalde føtar fordi eg er ute og syklar..
    Ja eg trur også varmeelement er tingen altså.
    Sei ifrå viss du har testa noko slik!

    Ania: Takk!
    Og det kom snø i Drammen? Jøss ja, då kan det vera fint med mølle inne.
    Eg trenar også ute i kulda også, men berre når eg er i god form i utgangspunktet. Kaldt og tørt er bra, men vått og fuktig og surt.. huff nei då blir det heller ei styrkeøkt inne, eller sykling på rulle.
    Ja som Ironwoman så gjeld det jo: dess lengre dess betre.. ;)

    SvarSlett