2. august 2012

Norseman 2012 support

Det er ikkje noko trening å blogge om akkuart nå. 
Eg sit her på golvet med PCen i fanget sidan begge sofaene mine alt er flytta ned i den nye leiligheten min.
Som er så bitteliten at eg heller velger å kalle den hybel.
Faktisk.
Men uansett.
På søndagen (og i år også på laurdagen) er det Norseman igjen.


Og slik som to gonger tidlegare, i 2009 og 2010, skal eg  vera support for Marie.
Slik som sist blir Helene med også, og det er eg såå glad for!

Den stakkars gamle bilen min har fått nok juling med å frakte to sofaer, skrivebord og bokhyller i går.
Dessutan har eg hatt så mykje å tenke på i samband med flytting at det er kjekt å vera to under supporten.
Som tidlegare så stoppar med for ca kvar 1,5km og lagar ein liten "mat-og drikkestasjon" for Marie.
Og sidan det er mange supportbilar på den smale vegen mellom Atrå og Rjukan, er dette litt av ei utfordring å finne gode plassar å stoppe på.
Marie er så rask på den aller siste og tøffaste delen opp til Gaustatoppen at ho kan tillate seg å ta det meir med ro i hårnålsvingaen frå Rjukan og opp, her frå hennes blogg.
På Norseman, som i utgangspunktet er ein "vanleg" Ironmandistanse (3,8km svømming, 180km sykling og 42,2km løp), men som på ingen måte er vanleg men ganske ekstrem med tanke på svømmetemperatur, vêr - og vindforhold og stigning som skal tilbakeleggast og ikkje minst det fantastiske landskapet som deltakarane opplever undervegs,
så skal alle deltakarane ha med eigen følgebil som support.

Helene og eg skal køyre følgebil på løpedelen frå Åtra til Rjukan, opp til Gaustablikk og så vidare til Stavro, for så å vera med og springe opp stien til Gaustatoppen.
Eg er spent på korleis motbakkeformen min er.
Eg har ikkje trent på ei veke, men ein del bering av tunge møblar og kassar har jo halde kroppen i form.

Marie har nok heller aldri gått opp stien til Gaustatoppen, trur eg.
Det skal springast!
Med korte, lette steg. Smidig og sterk som ei fjellgeit. 
Marie har ein av dei best tidene (for både menn og kvinner) på denne siste delen av løypa.
Ta og prøv å springe opp denne stien på under ein time.
Førestill deg så at du har svømt 3,8km, sykla 18 mil og sprunge nesten fire mil.
For ikkje å snakke om tilbakelagte høgdemeter.
Slik skal det vera!
Norseman 2006, og Marie kjem på Gaustatoppen  som første kvinne
(du kan lese meir om dette på kondis, her)
Så eg er spent.
Gleder meg litt, men gruer meg også.
Norseman er ei flott opplevelse som support, og den vil eg ikkje vera forutan.
Samtidig er eg nødd til å få flytt før laurdagen.
Nemleg, og her sit eg og bloggar!

Men det er så godt å ta morgonkaffeen i ro og mak,
eg har jo skjønt at eg ikkje kan halde på i timesvis slik som eg har gjort tidlegare.
Men det går framover.

For dikkøn som vil følgje med litt på Norseman (Marie startar søndagen),
kan de klikke dykk innpå http://www.nxtri.com/live.  

Starten på Norseman.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar