27. juli 2013

Ulveslåsskamp!

På den siste samtalen min før sommaferien min fekk eg eit fargerikt bilde med ein liten forteljing på av terapeuten min. Noko å fokusere på og fundere over gjennom sommaren, liksom.
Teksten hadde eg sett før, men eg hadde vel aldri gjort meg då mykje tankar rundt den.
Men når det er sommarferie og det er varmt og solskinn, så føler eg at det vante livet tek ein liten pause, og fraværet av vante rutiner gjer at det blir lettare å opne seg for nye tankar:

En kveld satt en gammel indianer og snakket med sitt barnebarn. Han fortalte ham om en kamp som foregår inne i oss mennesker.
Han sa, «Gutten min, det foregår en kamp mellom to ulver inni oss alle.»
«Den ene ulven er ond. Den representerer sinne, misunnelse, sjalusi, anger, grådighet, arroganse, selvmedlidenhet, skyld, bitterhet, mindreverdighet, løgner, falsk stolthet og ego.»
«Den andre ulven er er god. Den representerer glede, fred, kjærlighet, håp, ro, ydmykhet, godhet, velvilje, empati, generøsitet, sannhet, medlidenhet og tro.»
Barnebarnet tenkte på dette i noen minutter før han spurte bestefaren «Hvilken av ulvene vinner kampen?»
Den gamle indianeren så alvorlig på barnebarnet og svarte, «Den du mater…»

Eg anar ikkje kor hen denne teksten stammar fra, opprinneleg, den er sitert på så uendeleg mange nettsider og bloggar og i sosiale medier.

Eg må innrømme at det er ganske utfordrande å mate "riktig ulv" til tider.
Dvs, eigentleg så er det faktisk lettare å mate riktig ulv enn å la vera å gje den onde.
Den onde ulven er vel slu nok til å nappe til seg alt den kan få, mens den gode eer meir som ein veltrent godmodig hund som ventar pent på ein liten matbit?

Den siste tida har eg prøvd å mate den gode ulven. Regelmessig.
Nå kan ein jo prate og tolke mykje rundt slike metaforer.
Men viss eg altså gir den gode ulven nokre få matbitar i form av godhet, fred, empati og velvilje, så vil vel også dei andre sidene av den blir styrka?

Altså dei sidene som eg synst er vanskelegare å få til. Håp, for eksempel, og glede, som har stått noko svakt hos meg dei siste åra.

Men - eg skal fortsette med å gje mat til den gode ulven i meg, slik at den onde blir så svak at den sluttar å krangle.

(Hm altså slik dyreelskar som eg er så er eg fortsatt kritisk til å la ein ulv gå sulten altså. I min variant av denne vesle historia så vil nok den onde ulven bli god, slik at den også kan få mat. Stakkars ulv liksom).



10 kommentarer:

  1. Og der ga du meg noe å tenke på også. Takk for ar du delte teksten og tankene dine!

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre hyggeleg, og takk for koseleg kommentar! :)

      Slett
  2. Du har mer enn en gang kommet med ord som gjør at jeg må stoppe opp litt. Stoppe opp og tenke. Gå tilbake og lese på nytt. Sånt liker jeg. Takk for at du delte dette. Jeg låner disse, og skal ta de videre. Jeg skal tygge på dem selv, og jeg skal dele dem med andre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja del dei vidare! :)
      Det er jo godt å stoppe opp innimellom.
      Bra at du likte det :) :)

      Slett
  3. Flott fortelling:) og en svært sann en. (Og jeg ville også satset på at begge ble snille til slutt;))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja ikkje sant... ;)
      Det er jo open slutt på historien, så me kan vel lage oss ein eigen "happy ending" ;)

      Slett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Takk joggejento for kommentar som fekk meg til å fundere her ;) !

    Nei eg trur vel heller ikkje at dei negative sidene ved ein sjølv forsvinn om ein benektar dei - tvert imot så vil dei vel plutseleg kunne bryte seg fullstendig laus (som den sinte ulven du nevner, som sulten gnager på - skummelt med sint OG sulten ulv).
    Viss me tek metaforen vidare da, og den onde ulven alltid vil vera der, kva ville da vera den rette maten for å halde den sånn noklnlunde i sjakk?

    Eg sjølv har fokusert altfor mykje på dei negative sidene ved meg over veldig mange år, og har køyrt meg fast der, så for meg var det på tide å "mate rett ulv" og la den andre vera (som var nok alt blitt diger og overvektig og hadde fått diabetes 2 minst :D).

    Metaforer har jo alltid svakheter.
    Når eg tenker meg om (og i motsetning til deg så har eg tru på å tenke før eg handlar, eg skal i alle fall bli flinkare til det, gjera meg opp ei meining først i staden for å la impulsiviteten min styre - det treng eg å bli bedre på) altså når eg tenker meg om så har eg vel ein heil ulveflokk i meg som representerar ulike eigenskapar, og nokre av dei går det nok ikkje an å verken skremme vekk eller sultefore. Dei vil alltid vera der.

    Eg vil for eksempel aldri kunne kvitte meg med den sterke sinnefølelsen min, den kan bli mindre, men aldri borte, den har alltid vore der.
    Men bitterheten f.eks, den kan eg sultefore til eit minimum. Sjalusien også.
    Andre eigenskapar er meir som hardføre ulvar som luskar rundt og greie seg også utan mat.
    Så kanskje har du rett, nokon av dei blir allikevel ikkje borte?

    Men eg velger å gje oppmerksamhet (mat) til dei gode eigenskapane, likevel. Kan ikkje gi opp. Må prøve, halde ut.
    Så får eg heller tåle slåsskampen i meg.
    Den har jo uansett vore der så lenge eg kan hugse...

    SvarSlett
  6. Trur du tolker meg feil med det eg sei å tenke mindre ...eg meiner ikkje at ein ska følge ein kvar impuls ein får.. .men heller at å analysere og gruble/tenke på alt mulig ikkje alltid er så gunstig . Å akseptere er kanskje bedre enn å analysere....då bruker ein gjerne ikkje så mykje energi....finn meir ro og lever litt meir her og no. Min meining.... kose deg.

    SvarSlett
  7. Ok. Da skjønner eg kva du meiner.
    Det er i alle fall bedre å akseptere framfor å analysere og gruble for mykje, deg er eg heilt einig i!
    Men vanskeleg er det, eg ser ikkje ut til å treffe her heilt :/

    Prøve å leve meir her og nå, ja den er eg også med på, sjølv om eg synst det er vanskeleg.
    Men eg kan jo berre bli bedre på det :P

    Kos deg du også! :) :)

    SvarSlett