27. september 2013

Alle fortener å bli sett!

... spesielt i haustmørkret.

Eg blei så engasjert av Silja's innlegg om bruk av refleks, at eg ville sjølv skrive eit innlegg om dette.
Refleks er noko ein kan ikkje minne på ofte nok.

Eg må innrømme sjølv at eg er såpass distré at eg godt kan gå ut utan refleks, og så kjem eg ikkje på det før eg har gått ein stund, og orkar da ikkje snu.
Heldigvis så er eg glad i knallfargar, og med neongul fleecejakke og gul/grøn skalljakke hjelper det også.
Dessutan har Lukas alltid på seg reflekshalsband (sjølv om halsbandet gjerne forsvinn litt i den mektige pelskledde muskuløse halsen hans) og reflekssele når me går tur.

Spesielt nå om hausten trur eg er det viktig å bli minna på å bruke refleks, sidan det fortsatt er relativt lys kl 19.00, men når ein er ute ein times tid, så er det gjerne mørkt på veg heim.
Så sjølv om ein startar ein tur ute i lyset, er det lurt å ha med refleks.

Dei siste kveldane leika eg meg litt med refleks, for å sjå kor stor forskjellen blir.

Utan lyskilde, med refleks
(Lukas reflekssele kan sjåast nede som strek).
Bilde ovanfor er tatt berre rett over vegen, og vegen var ganske smal. Ikkje mykje godt å sjå.
Bildet er litt uskarpt, og tatt frå ca 10m avstand, lyskilde er berre gatelampe.
Lukas ser ein ikkje her, fordi han står med rumpa til så refleksen hans blir borte,
men eg er nå i alle fall synleg.

På bildene ser ein godt at også helper med lyse klær. Den svarte buksa blir jo heilt borte og går i eitt med bakgrunnen.
Vanlegvis så har jo motoriserte køyretøy lys, så då blir det omtrent slik:
Refleks gjer susen - her bruka eg hodelykt som ekstra lyskilde.
Ikkje til å oversjå eigentleg :D

Eg ser at også på dette bildet så er ikkje Lukas spesielt synleg bakfrå - han skylle hatt ein refleks dinglande frå halen, men eg tvilar på at han hadde likt dette :D
Eg har ikkje på refleks, men lys jakke gjer at eg fortsatt er synleg.
Her er faktisk ein liten bit av reflekssela til Lukas å sjå.
Etter alle desse bildene var tatt så fann eg faktisk fram refleks nr 2, for som ein ser på Lukas, så snart refleksen er sjult av kroppen, så hjelper det lite.
Lukas med reflekssele (og refleks-augo :P)

Nå finst det jo mange utruleg kule og artige refleks ein kan bruke, sånn etter humøret og dagsform.
Og då er eg nødd til å reklamere for ei norsk bedrift som har laga utrulege kule refleksartiklar.
Du finne den på www.seeme.no.
Og dei har eit fantastisk utvalg på refleksar.
Der er ein jo nødd til å finne noko ein likar. Eller?
Ein såkalla "slapwrap" med selbumønster -for den som likar tradisjonelle strikkemønster :)
(Bildet er frå www.seeme.no)
Eg kunne jo tenkt meg denne her, når eg er i dårleg humør :D
Piranha-hengerefleks - kult :D
(Bildet er frå www.seeme.no)
Eller eg som er så glad i froskar og paddar kunne tenkt eg denne:
Ein grønn refleksfrosk!! Herleg :)
(Bildet er frå www.seeme.no)
Så går det også an å bruke refleks for å vise politisk standpunkt, religiøs tilhørighet osv.
Eg har da baksida av SMILEFJES-refleksen min pynta med denne :D :D :
Hehe, ikkje mange som tør å gå med denne trur eg :D

5 kommentarer:

  1. Du kan kanskje tenke deg hvilken av disse refleksene som JEG likte best? ;) (Den med strikkemønster altså, men det regner jeg nesten med at du kunne tenkt deg)

    Ja, refleks er utrolig viktig å snakke mer om, blant alle som ferdes utendørs når det er mørkt ute! Jeg tror nok de fleste opplever det sånn som du sier, meg innkludert (i går), at vi glemmer at det blir mørkt ute før vi kommer oss hjem igjen. Selv om det var lyst ute når vi gikk...

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det tenkte eg meg nesten ;)
      Selbu-refleksen var tøff den! Det er mange fleire slike refleksar på nettsida til seeme.
      Og for deg som er så kreativ og strikker og heklar, så har dei også REFLEKSGARN!
      Det er berre ein tynn tråd som skal brukast saman med det vanlege garnet.
      Mest berre delvis, for det er utruleg dyrt.
      Det kunne eg tenkt meg å prøve ein gong.

      Slett
    2. Vet du, at dét har jeg faktisk bitt meg merke i! Óg vurderer sterkt å kjøpe for å strikke noe. Jeg må bare finne ut hvordan og hva jeg skal strikke meg, tror muligens det blir en lue ;)

      Slett
  2. Jupp! da er høsten her, og høstmørket. Egentlig godt med et slikt innlegg nå. Må nok ut å kjøpe reflekser....
    Må bare si at jeg ELSKER Lukas! ha er så fin! ser så rolig og snill ut:)

    SvarSlett
  3. Eg skal også kjøpe eit par reflekser til.
    Jaaa Lukas er skikkelg go'gut, han er roleg inne, men full av energi ute. Snill er han heile tida. Supersnill. Og utruleg kosete :)

    SvarSlett