20. oktober 2013

Dagens treningsøkt.

Nå har eg tenkt å blogge litt oftare.
Så i dag blir det berre eit lite innlegg om dagens treningsøkt (i staden for "dagens antrekk", som ikkje var noko å skryte av akkurat, haha).

Eg kom nemleg også til å tenke på at det er bra for motivasjonen å gje seg sjølv ros for gjennomført treningsøkt. Eller mosjon. Eller tur. Ikkje sant?
Eg måtte finne fram boka eg begynte å lese tidlegare i vår (og som sidan har lege stille og fredeleg i bokhylla), The Triathlete's Guide to Mental Training. Der står det bl.a. i kapittelet "motivation" (s.33):

"Recognize your accoplishments. [...] After every workout, stop and take stock of what you've done. [...] Reind yourself of your effort and discomfort, all in the name of greater strength, speed and stamina [...]".



Kort sagt, tenk over kva du gjorde, og til tross for anstrengelsen, tenk på at du er eit steg vidare på veg til auka styrke, fart og stamina.

Så i dag hadde eg i grunnen ein ganske lat og doven sundag.
Ute blåste det friskt og det var snø i lufta.
Men Lukas skal jo ut uansett, og det virka faktisk meir fristande å løpe i vinden enn å gå.

Eg skulle berre springe ein kort tur, altså rundt 5-6km, mellom 30 og 45min (det tar lang tid når Lukas er med, det blir ein del "stopp & go" for å etterkome behova hans).
Første stopp ved Granvin kulturhus.
Når det først heiter kulturhus, så måtte eg for ein gongs skyld stoppe og ta bilde av noko kultur på utsida:

Innstøypt nevron.
Det slo meg at det såg ut som eit nevron støypt inne i ei søyle, med berre terminalboutane til nervecella som stikk ut (det er eit sikkert teikn på at eg er godt inne i fagstoffet - litt nerdete, men morsamt :D).
Ikkje sant?
Hmmmm... ei hand? Symbol for cellelegeme kanskje... :D
Vidare gjekk det over til grusveg og litt i ly for den sure vinden, det var deileg.
Utsikt mot fjellet - med snø og vind. 
Eg tenkte at eg berre skulle jogge roleg med litt innlagte sprint ("fartlek") og ta stoppar der Lukas trengte det (eh altså ikkje heile tida men kanskje kvar tredje gong når Lukas ville stoppe - ellers hadde me aldri kome oss rundt!).
I dag var det nesten berre bruntoner ute.
Men det var fint. Denne her var så fint rufsete.
Det som er fint med å ha med Lukas er, at eg slår i frå meg alle ønsker og planer om gjennomføring av eit spesielt opplegg - det går berre ikkje med denne sterke og sta karen, som SKAL lukte og undersøke og tisse og stoppe og dra - då er det eigentleg berre greitt å løpe på måfå.
Ok, denne gongen var det eg som ville stoppe -
så fine fargekladdar i det haustbrune måtte eg berre ta bilde av!
Nå veit eg at skal få meg asters til neste år (trur eg at det er på bilde - asters - blomar - staudar altså).
Det er ikkje så mange blomar igjen ute nå - men desse var heilt nydelege! Det blei ein lengre foto-stopp:
Jepp - sånne vil eg ha neste år!
Godt med litt frisk farge nå på hausten!
Så då blei det til saman denne turen ("Take stock of what you've done!"):
Screenshot frå dagens løpetur frå Sports-Tracker - blått er stigning, gult er fart (haha fart).
Men det er jo mykje morsammare å sitte igjen med eit inntrykk av fargerike blomar etter løpeturen:
Såå fin!
Da var det gjort.
Dagens treningsøkt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar