26. oktober 2013

Løpetur eller paracet?

Av og til så skulle eg ønske at det fantest ein app (for det finst ein app for det meste, ikkje sant?) som fortalde meg om eg skal ut og trene/løpe osv, eller ikkje.

Nå finst det faktisk ein slik app som fortel deg basert på faktorar som ein tidlegare har plotta inn (kvilepuls, muskelstølhet, osv), om du er restituert til ei ny treningsøkt eller ikkje.

Men i mitt tilfelle så kjenner eg at sjølv om formen om morgonen er god, så kan det skje mykje i løpet av ein dag, og då er det ikkje lenger godt å vite kor "lurt" det er å trene.
Slik var det i går.

Då eg kom heim så fekk eg hodepine med ein gong.
Blei sliten, uopplagt, i dårleg humør, sulten men for trøtt til å lage ordentleg mat, for oppjaga til å slappe av.
Det blei TV.
Av og til hjelper jo det.
Ein får ein liten pause.

Ikkje i går.
Eg ville berre sova.
Eg greidde ikkje å finne ut om det var hodet mitt som var slitent, eller kroppen, eller begge delar.
Eg hadde ikkje trent på eit par dagar, så det hadde heilt sikkert ikkje skada å løpe ein tur.
Lukas skulle jo ut uansett.
Men eg orkar jo ikkje!?!

- Ok, nå reisar eg berre ut på tur. Tenkte eg.
Eg reiste meg opp og gjekk for å skifte (som gjorde at Lukas blei superlykkelig - dette var jo på tide!).
Men då eg nærma meg senga mi så stupte eg berre rett ned på den.
- Hmmm ja dette var mykje betre enn sofa enn TV. Kanskje treng eg berre å sova bittelittegrann?
Eg kjendte at beina slappa av, mens det virka som samtlige musklar i nakke og hodet berre spente seg enda meir. Hm.
- Eg har jo så vondt i hodet, kanskje skal eg ta ein paracet, så blir det bra?
Tenkte eg. Men samtidig kjente eg korleis pulsen steig.
-Nei nå får eg høg puls, er vel heller ikkje bra dette. Kanskje skal eg heller løpe vekk hodepinen?
Eg såg for meg ein liten halvtime.
På med løpetøy (Lukas blei igjen superlykkeleg,sjølv om han også hadde lagt seg godt til rette i senga), løpesko, refleks, hodelykt,vpå med GPS, Sportstracker på "Start workout" og ut bar det.

Det begynte akkurat å regne.
Men det gjorde ingenting.
Eg kjente med ein gong kor godt det var å kome ut, kjenne lufta, musklane som jobba i kroppen, lungene som utvida seg og spela på lag. Gatene var nokså folketomme og Lukas galopperte lystig ved sida og var heller ikkje så ille til å dra.

Det blei 30min jogging. Og så gjekk eg den siste bakken heim att i 10min, for å få ned pulsen og få strekt muskulaturen på baksida av beina. Og for at Lukas skulle få snust litt.

Eg kjendte etter: hodepinen var borte.
Den kom heller ikkje tilbake den kvelden.
Eg kjente meg også litt oppstemt og fornøyd.
Litt god og slapp.
Kosa meg med te og punsjbollar og TV og internettsurfing og Lukas ved sida av meg på sofaen.
Litt betre.

Eg trur eg må hugse på at ta min ukentlige dose.
Framover.
Og nyte bivirkningane!

7 kommentarer:

  1. Jeg liker å lese slike innlegg mens jeg sliter med egen motivasjon. Sitter og tenker lignende tanker, dyret må ut likevel, paracet kan jeg ta etterpå (det er standarden min, jaja, du er dårlig, etterpå kan du trillepille og legge deg. Løpe først). Ikke idag dog, isåfall må jeg gå tur først og jogge etterpå - er så fullt i skogen i helgene - og asfaltjogg er mer slitsomt med hund. Må dra han etter meg - en kombo av for god båndtrening og for fristende grøftelukter. Men ut skal jeg - så takk for pepp.
    Good choices! (det fossregner).

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre hyggeleg! :)

      Ja eg velger meg også tidspunkt og område der det er greitt å ha med Lukas, og evt la han springe fritt. Koffor gjer det vanskeleg liksom?
      Det med løpe først - pille etterpå er eigentleg ein god idé!
      Eg er ellers stor "fan" av paracet - har jo så mange småplager og orkar ikkje gå rundt med vondt i kroppen - men der det funkar med løpetur er det jo så mykje bedre - med alle dei hyggelege "bivirkningane".
      Åi åi fossregn - det er ikkje bare bare nå om hausten.
      GOD TUR med eller utan hund ! :)

      Slett
  2. Du er så flink, Imke! Veldig bra at du klarer å komme deg ut, selv om du ikke hadde så lyst. Jeg tenker at det ofte er dét som kjennetegner en persons "viljestyrke" (sånn sett bort ifra det du sliter med psykisk), at du innerst inne også vét at det hjelper.
    Pluss at trening vel egentlig er et bedre "medikament" enn piller og slikt, så lenge du kan unngå dem mener jeg ;)

    God helg! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk§
      Ja god viljestyrke har eg alltid hatt (mot grensa til stahet), psyko-plager eller ikkje. Det kjem godt med når det gjeld trening ;)
      Det er jo blitt forska veldig mykje på det med trening som behandling (i staden for eller saman med medikamenter), så det er eit kjempespennande tema.

      For min del så hjelpte det veldig å tenke på at ein halvtimes løpetur kunne få vekk hodepinen (faktisk raskere enn paracet) og får kroppen til å slappe av etterpå samtidig som Lukas blei lufta - det finst det ikkje mange piller som kan :D

      Og når ein tenker lyst og motivasjon, så var det vel som me har vore inne på før: det er godfølelsen etterpå - av og til er ei treningsøkt berre eit middel mot eit resultat - og då er det ikkje så nøye kor "morosamt" det er.
      Det er etterpå det er godt.

      God helgtil deg også Guro! :)

      Slett
  3. Jeg kjenner godt denne følelsen - og det er like vanskelig HVER gang! Nå sitter jeg og kjenner på hodepinen og det lille som irriterer i halsen - i dag igjen! Og så aner jeg ikke om jeg bare har vondt i viljen eller om jeg faktisk ikke er helt frisk? Og hva pokker skal jeg gjøre - trene eller ikke trene? Jeg blir ikke klok! Jeg tror vel at løsningen for meg er at jeg bare må ta på tøy, gå ut, og hvis det ikke funker så går jeg hjem.... og i 99% av tilfellene så funker det jo ;-)

    SvarSlett
  4. Nei me blir vel ikkje klokare av det heile - uansett erfaring eller tankekraft eller spådommar osv.
    Det beste blir vel fortsatt å kome seg ut og prøve, slik som du gjer.
    Og lage seg ein treningsvettregel: Det er ingen skam å snu.
    For det er det jo ikkje.

    Men merkeleg er det fortsatt.
    Trene eller ikkje?
    Er det eit snev av perfeksjonisme/flink-pike-syndrom bak?
    Det kan det vera i mitt tilfelle.

    Men det har eg tenkt å gjera noko med.
    Ut og prøve.
    Ferdig.
    Som regel får ein ingen varige mén etter ei treningsøkt som ikkje var "ideell". Og vanlegvis går det heller ikkje liv tapt.
    Så kva er så farleg eigentleg?

    Det er ingen skam å snu (og gå heim att).
    Ferdig ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg måtte bare returnere til dette kommentarfeltet for i dag satt jeg der igjen: "trene eller ikke trene???". Hele dagen har jeg følt meg u-frisk (tett i nesa og fryser) men så dro jeg på meg tøyet rett etter jobb og skulle jogge rolig. Hva skjer? Jo, det funket helt fint å jogge rolig. Så med tanke på at jeg hele dagen har følt at "jeg orker ikke en dritt" så er det altså helt utrolig hvor mye man faktisk orker! uten at det føles verken tungt eller som et press. Snedig! Hvor smart det var å trene i dag er jo en helt annen sak; det vet jeg jo ikke... men det får tiden vise ;-)

      Slett