16. oktober 2013

Mosjon og pust og haust og løping og slikt

Hmm det er jammen rart eg ikkje har blogga på ei stund nå.
Med heilt ny blogg så burde jo kreativiteten berre kunne slå seg laus?

Dessutan har eg fått trent/mosjonert ein god del også i det siste.
Dagane har liksom gått veldig fort sidan sist innlegg.

Eg har brukt mesteparten av tida med nesa djupt inne i fagbøker, slik som eg likar det best.
Så har eg prøvd å "jogge laus" pusten min.
Den låste seg nemleg litt igjen for eit par veker sida.

Og det er så ubehageleg og stressande og vondt at eg måtte gå i "offensiven".
Ein ting som ikkje hjelpar, er å strekke og tøye for å løyse opp dei musklane som har låst seg.
Så kva er det som hjelpar?



Dårleg pust har samanheng med eit kronisk spenningsmønster, som kan oppstå frå kronisk stress, angst og/eller depresjon.
Eg har hatt det i periodar sidan hausten 2007, og deretter gått til fysioterapeut (med psykomotiorisk spesialisering) regelmessig.

Men om eg får forlart kva som skjer i kroppen, så er det til slutt eg sjølv som må jobbe med saka. Det har nemleg vist seg at sjølv om den dyktige fysioterapeuten min greier å få musklane mine til å slappe av under behandling, så er pusten like låst kort tid etterpå (me snakkar om -10min etter endt behandling).

Fysisk aktivitet/mosjon/trening har heilt klart positiv effekt på psyken vår, og hjelper mot angst og depresjon på mange forskjellige måtar.
Så nå har eg tatt dette på alvor:
Sidan laurdag for to veker sida har eg trent eller mosjonert nesten kvar dag.

Det som for meg helpar best mot pustevansker, er løping.
Helst med mange innslag av høg intensitet.
Altså harde intervall, eller bakkeintervall, eller fartslek.

Eg har også brukt den nye sykkelen min ("Black Beauty" :D) ein god del (sykling hjelper ikkje spesielt godt mot låst muskulatur i overkroppen, men det er allikevel herleg å sykle ute nå når hausten virkeleg visar seg frå sin vakre sida).

Så nå har stivheten i musklane blitt mindre, og pusten bedre.
Fysioterapeuten synst det eg gjer er spennande.
Det er ikkje så mange som tør å "eksperimentere" med dette, så for han er mine erfaringar også gode innspill til praksisen hans som fysioterapeut.

Så nå kjem det eit kort samandrag av kva eg har drive med mosjonsmessig sidan sist:

Terrengsykling i skogen på "Black Beauty":

Løpeturar opp til ein time men helst kortare, både i mørket...
IRONMAN-tights med riktig logo --> god inspirasjon i haustmørket!
... og nokre løpeturar i solskinn i nydelig haustvêr:
Ein av dei få plassane der eg kan sleppe Lukas utan
at han inviterar seg sjølv inn til nabohus...
Når eg ikkje har noko spesielt mål å trene mot, så tek eg det ikkje så nøye med om det blir pausar undervegs:
Såå nydelege haustfargar!
Bortsett frå når eg spring intervall, så har Lukas blitt med på løpeturane i det siste:
Lukas kjøler seg ned.
Han heldt på å dra meg uti vatnet,
så eg trur kanskje eg burde begynne med styrketrening igjen! 
Dette var på ein laurdagsettermiddag, og løpeturen blei også litt "tur", med ein liten pause for å nyte sola:
Ikkje nødvendig med fotofilter i ettermiddagssola.
Her kosar eg meg - ikkje rart med den knallblå himmelen!
Eg er blitt veldig glad i den nye sykkelen min!


Utsikt frå sykkelsete (og motbakke).
Om det er tungt å sykle i motbakke, så er det alltid verdt det, for å sykle i nedoverbakke er berre såååå moro!
Fart og spenning i nedoverbakke!
Og av og til så har det blitt turar i skogen med Lukas og hodelykt:
Lukas får meg til å le. Ganske ofte. Han er så herleg!
For å motvirke spenning i kroppen, så hjelpar både mosjon i seg sjølv, som løsnar opp musklar og fremmer blodsirkulason, men også ved å frigjera gode stoff som serotonin og endorfin som aukar følelsen av velvære, og den "gode følelsen etterpå" som kanskje like mykje er mentalt som fysiologisk.

Og Lukas har også godt av mosjon. Det er sikkert.
Ein veldig avslappa Lukas!
Så nå skal eg ut og lufte Lukas.
Med løpesko på.
Kor mykje løping det blir, får me sjå, det er ikkje så nøye, men me skal i alle fall få lea beina og lufte oss!

4 kommentarer:

  1. Det er bra du har Lukas med deg på turene dine. Så får du litt selskap i tillegg :)
    Ser ut til at du har veldig fine høstlandskapsområder å trene på da. Og ja, jeg er ganske så enig, det ér alltid mye mer gøy å trene ute når været viser seg fra den "beste" siden sin! ;)

    God helg, og god trening videre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Guro!
      I dag fekk eg meg faktisk ein tur i sur haustvind med snø i lufta, det var ikkje så ille det heller.
      Men knallblå himmel og sol - det er heilt klart herleg :)

      Slett
  2. Grattis med ny sykkel!:) Kjenner igjen dette med bloggfravær. Jeg klarer knapt nok en post pr uke. Stresser ikke med det - det er som energien generelt nå om dagen..må liksom dras i gang. Merkelig hvordan kroppen plutselig blir tregere...som å gå på en vegg når høsten nærmer seg. Flotte bilder du har tatt. Ser at du koser deg på tur - og så deilig med turer uten å tenke på lenge/tempo og prestasjon . Bare nyte her og nå. Lukas er jeg forelsket i. Ferdig med det. Han er til å spise opp! FOR et ansikt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ny sykkel ga meg eit lite gjev med tanke på energi om hausten.
      Ellers trur eg at kroppen forbereder seg nå til vinteren. Dei seier også at det er lettare å legge på seg om hausten, kroppen er fortsatt innstilt på å fylle lagrene før vinteren).
      Så då er det kanskje ikkje så rart at energien ikkje heilt er der.

      Men det synst eg eigentleg er fint også - det er jo årstidene me lever i, og det blir heilt naturlege svingningar, og energien vil koma tilbake.

      Akk ja, gode Lukas, han er virkeleg til å ete opp, heilt einig, veldig sjarmerande :)
      Og eg lurar på om han veit det også ;)

      Slett