14. november 2013

Choose An Activity!!

I det siste så har eg ikkje skrive spesielt mykje treningsdagbok, berre det mest nødvendige (og som regel heng eg etter ei veke med noteringa), og berre latt Endomondo registrere treninga.

Tidlegare så har eg brukt Sports-Tracker-app'en, og den har fungert veldig bra til å registrere treninga, spesielt løpeintervall.
Endomondo derimot, har ei veldig mykje bedre heimeside, mens eg synst app'en er berre heilt grei.
Dessutan diggar eg at det er så mange venner og bekjente/medbloggarar å finne på Endomondo, det er moro det! Og inspirerar!
Tidlegare så har eg brukt enda ei anna webteneste til å loggføre trening, og spesielt, til å lage løyper og lagre høgdeprofiler.
Det er mapmytri. Den finst også som mapmyfitness, mapmyrun, mapmybike, osv.


For moro skyld, og for å samanlikne app'ane, så skulle eg legge inn ei treningsøkt der. Og kva fann eg?
"Dog Walk"som eigen kategori.!
Kult, for det treng eg ganske ofte:
Choose An Activity! Dog Walk - check.
Eg skulle berre ha tall på kor mange dog walks eg har tatt sidan årskifte 2000/2001, det var da eg fekk Binna, og eg har nok gått tur omtrent dagleg, med få unntak...
Når eg først bladde litt nedover lista, fann eg utruleg mange aktivitetar:
Tenk om eg om nokre år kunne huka av alle aktivitetane på denne lista? Det hadde vore tøft, det!!!
Med så mange valgmulighetar kan ein vel ikkje klage på at ein ikkje finn noko treningsform som passar. 
Eg lot meg inspirere litt - samtidig som  eg trengte å styrke kroppen litt - men ikkje med klassisk styrketrening, men som ein "hike - hills - medium pack" - altså tur med sekk:
Choose An Activity!
Eg hadde 10kg i sekken og det var passe - tenker at det ikkje kjendest tungt, men eg vil heller starte sakte og så auke litt - kanskje med så lite som 1kg i veka eller noko slikt.
Det finst nok ikkje noko valg for "Hike - Medium Pack (10kg) - Dog (38kg) så eg laga min eigen:
Min eigen skreddersydd aktivitet.
Ovanfor er det forøvrig eit manipulert screenshot, dessverre så går det ikkje an å lage sine eigne kategoriar. Så det heile blei loggført med Endomondo.
Endomondo har forresten veldig fin grafikk - samanlikna med Sports-Tracker i alle fall (og er dessutan ikkje basert på Flash Player, så du kan bruke Endomondo på nettbrett, det kan du ikkje med Sports-Tracker).
Dette var Dog Hike - Hills - Medium Pack - økta mi. Den var utruleg moro, ein skulle ikkje tru det, men eg trivdest der, med litt tung sekk, og hodelykt, Lukas kunne springe fritt i skogen (det var mørkt og då ser eg om det er folk i skogen frå lang avstand- og kan rope Lukas inn til meg så han ikkje overfallar turgåarar i rein begeistring).
Moro med ein liten "hike" med Lukas, og sekk i skogen. Også på ein vanleg måndagskveld i november!

2 kommentarer:

  1. Dog hike er risikosport - ekstremsport - og når man tenker slik på det er jeg faktisk veldig sprek - men føler meg nå også dødskjedelig pga alle aktivitetene jeg hverken har hørt om eller aldri skal eller kommer til å tørre å utføre.
    Jeg tør ikke gå tur i mørket heller, selv om jeg er modigere nå, med hund og hodelykt. Litt redd for at beistets dager som frittløpende joggehund er over, sprang på årets første rådyr for noen dager siden og han jaget med små lykkelige yelps jeg ikke har hørt før.
    Nå er det igjen det eneste han tenker på og det har blitt mye vanskeligere å slappe av i skogen. Blæh.
    Bambien var i hjemmedalen forresten, i en liten skogsflekk vi gikk mye i ifjor (med langline), så det var min feil - og kunne vært unngått - BLÆH.
    (beklager utblåsingen!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ingalill - for det første - her har du kome heilt riktig mtp utblåsning over ekstremsport dog hike/dog running ;)
      Eg er jo så einig.
      Tidlegare var det lett å løpe saman med Binna, ho trava jamnt i 10km/t og beherska kunsten med "speed sniffing" dvs ho lukta langs vegen med nesa 35cm over bakken, utan å måtte stoppe.
      Men ho var nok ei veldig spesiell og klok jente ♥.
      Med Lukas så er det blitt skikkeleg ekstremsport - til tross for at det enno ikkje er is ute (skal kanskje skaffe meg stegjern til vinteren - kanskje får eg da nok fotfeste til å halde han igjen på snøen??? :D).
      Sist eg var ute og løp med han, så sprang me friskt og muntert i ca 12-15km/t i nedoverbakke (fart og spenning er moro) då gutten skjønte at han hadde oversett ein viktig lukt langs vegen. Så han BRÅSTOPPA og snudde og sprang bakken opp att - i løpet av 2-3sek.
      Heldigvis greidde eg å sleppe bandet i tide, ellers så veit eg ikkje om skulderleddet mitt hadde fortsatt vore på plass.
      Eg risikerer også brudd og forstuing av finger og handledd i tilfellet eg har vikla inn leiebandet rundt handa og Lukas gjer eit rykk (han er berre så grusamt sterk altså).

      Så eg gledar med til vintersesongen med snowbard som er jo reine leikeidrett i forhold. Paragliding ville også vera eit avslappande alternativ kanskje.
      haha :P

      Du har nok ei utfordring med Devildog mtp jakt, han er sikkert meir gira enn det Lukas er (han er berre ut etter folk "heldigvis"). Og det å IKKJE fange eit rådyr er jo moro det og, han får berre prøve meir neste gong - så kanskje må det bli langline igjen?
      Lukas hadde nok løpt litt etter rådyr han også, men han gir seg med ein gong også - er liksom ikkje moro når eit rådyr ikkje vil leike med han (har opplevd det ein gong trur eg).
      Hestar er også spennande, og kyr er berre gøy å bjeffe mot - ja da - me har mange utfordringar med desse firbeina - så eg synst ikkje du treng å føle deg "dødskjedeleg" altså :)

      Slett