23. november 2013

Fem stjerners ull-BH!

Ja så er det blitt frostgradar ute, det er blitt meir vinterlandskap her, og då kjem so alltid spørsmål opp om ein skal trene i kuldegradar eller ikkje.
Det skal ikkje eg svare på.
Eg gjer dette, og om det er skadeleg eller ikkje, så får me sjå.
Noko juling må ein jo ta her i livet, og nokre fysiske frostskader er ikkje det verste ein kan bli ramma av (eg snakkar ikkje om tredjegradars forfrysning med påfølgande kolbrann og amputasjon, men det skjønte de vel?).

Men ein ting som bør tas alvorleg derimot, er puppefrys.
DET er ein ting me ikkje skal ha!
Nå er det så vidt eg veit ikkje blitt rapport fryseskader på puppane i følge vanleg trening i kaldt vêr, men nå har eg heller ikkje undersøkt dette nærmare (og skrekk og gru, det skal eg heller ikkje gjera i framtida).

Men som alle kvinner veit:
Det er ikkje moro å trene og mosjonere ute i kulda med ein iskald klissblaut BH som klistrar seg fast til huden og sug all varmen ut av kroppen.
Ull er tingen her, det er jo ikkje noko nytt?
Favoritten min: 100% merinoull
Sjølv om ullageret mitt er forholdvis godt fylt opp, så mangla eg heilt klart ein sports-BH i ull.
Den som eg hadde, frå Devold, er rett og slett blitt borte (liten og svart, lurar p kor den gøymer seg hen???).
Eg trengte ein ny.
Mange timar med surfing på internettes uendelege ullbølger gav ikkje noko tilfredsstillande resultat med tanke på pris, utforming og farge.
Men så snubla eg over Sport Collection Wool frå Pierre Robert.

Vanlegvis så er det gjerne blanda inn litt syntetisk materiale i ull-BHar, for å gjera dei meir robuste og slitesterke. Eg vil derimot berre ha rein merinoull, 100%.
Og det var denne:
Rett ut av emballasjen - merk at fargen er eigentleg meir lilla enn rosa -
det er innelyset som gjorde at den ser meir pink ut -
på det første bildet i innlegget er fargen meir riktig!
Bortsett frå strikken, så er den alts 100% merinoull.
Til tre hundrelappar var prisen veldig ok, synst eg, og i alle fall verdt forsøket.
Dessutan kunne eg støtte den vesle COOP-butikken på Gvarv, og eg har sans for å støtte butikkar på små plassar.
BH-en er utruleg fin, synst eg.
Lilla farge med turkisblå kontrastsaumar.
Eg kunne ikkje ha gjort det bedre!
Flate saumar.
Den består av to lag ullstoff, utsida er lilla, og innsida er blå. Men den er ikkje vendbar!
På innsida er stoffets maskeretning rotert 90gradar, noko som gir meir støtte, og den er også meir formsydd enn den enklare utsida:
Vrangsida - den er BLÅ. Ikkje sånn aubergine,
eit par sømmer går fint på utsida av puppane.
Den har klassisk sportsbh-design, med racerback og forholdsvis mykje stoff framme.
Den gir god nok bevegelighet for skuldrane og armane samtidig som den gir god støtte framme (nå har eg ikkje så altfor mykje å støtte ( "eplestørrelse - ei handfull" fekk eg høyre ein gong :D ).

Racerback - eit must for ein sportsbh, synst eg.
Eg testa BHen på tur med sekk i skogen, på løpetur, på sykkeltur (jepp, det går forsatt an å sykle), og under vanleg kvardagsbruk - og den bestod alle testar!
Mjuk og behageleg, eg gløymde rett og slett at eg hadde den på.
Eg har enda ikkje vaska den, faktisk, for den luktar forsatt ingenting.
Så eg kan ikkje uttale meg om korleis den tåler vask.
Den kan vaskast i maskin, men eg skal prøve å gjera det minst mogleg. Kanskje blir det heller ein forsiktig handvask, for å skåne fibrane mest mogleg.
Ikkje veit eg korleis den er etter lang bruk heller.
Men eg er optimistisk!
Flate sømmer som ein ikkje kjenner.
Det ser ut som eit skikkeleg kvalitetsplagg. Og ei ulltrøye som eg har frå før frå Pierre Robert har i alle fall vist seg å vera av god kvalitet.
Såpass optimistisk er eg til dette plagget at eg alt har bestilt meg ein BH til, i blå:
Eg har også bestilt denne! Eg MÅ berre ha ein til!
Fram til 31.12 dette året er det fraktfritt på alt i Pierre Rober sin nettbutikk (oi, nå følte eg meg igjen som ein slik sportsfashionbloggar, hihi), og hald dikkøn fast: denne helga er det 3 for 2 på alle ullplagg i nettbutikken til Pierre Robert. Hurra!
Men det er berre denne helga!!!!!
Så løp og kjøp!
Men bruk ull når du løper, for då fryser du ikkje så lett ;)

2 kommentarer:

  1. Dæven døtte - unskyld språkbruken!! Jeg må inn å sjekke hva de har i nettbutikken med en eneste gang! Men, så er det dette med størrelser - kan jeg ta sjansen på å kjøpe over nett; skal jeg feks. ta høyde for at de er romslige eller litt små i størrelsen, eller er de ganske vanlige?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synst at medium var heller liten i størrelsen (eg er 160cm og brukar vanlegvis small i T-skjorter). Bestilte meg ein til i medium, og etter fleire gongers bruk så passar den fortsatt bra.
      Så heller for stor enn for liten, ville eg sagt, for sjølv om det er dobbelt lag med ull, så vil ullfibrene bli fortare slitt når dei blir strekt, og strikken er brei og ikkje så veldig elastisk (noko som er bra eigentleg).
      (Kan avsløre at eg har 90cm i omkrets - vanleg "cup"-størrelse hugsar eg ikkje - B kanskje? - og på meg passar medium).

      Det er fraktfritt ut desember, så du kan jo alltids prøve og returnere/bytte.
      Plaggene er så fine at det er vel verdt bryet.
      Bestilte meg eit par hipsters i ull også, då passa også medium bra.
      Lykke til!!!

      Slett