20. mai 2014

Løpetur på autopilot

I går var eg på ein liten joggetur med Lukas.
Eg hadde tatt med meg mobil, og tok litt bilder undervegs.
For å sleppe å slå mobilkameraet på og av, så lot eg det berre vera på.

Det eg ikkje hadde tenkt på var, kor lett det er å koma bort i skjermen, og at eg hadde satt kameraet på å ta bilder ved hjelp av trykk å skjermen.
Det blei mange artige bilder!
I og med at intensiteten på løpeturen skulle vera låg, og Lukas var med som skulle tisse 34 gonger og bæsje og bade og snuse, så blei det mange stopp og mange anledningar til å knipse i veg...
Utsikt mot Skorve i kveldslyset.
Eg blir aldri lei av å ta bilde av Skorve, sjølv om det begrenser seg med mobilkamera. Speilreflekskamera står på ønskelista mi! Sjølv om eg vel neppe hadde tatt det med på løpetur...
Eit av dei mange "autonome" bildene, som tok seg sjølv...
Nå har eg bestemt meg for at eg på mange av dei rolege turane mine kan ha med Lukas. Da veit eg nemleg at intensiteten blir låg nok, pga av alle dei stoppane han skal ha. Og tempoøkter, og intervalløkter, skal eg løpe aleine.
Lukas synst ikkje det er såå veldig morsamt på løpetur,
når han ikkje får snuse like mykje som han ønsker. Og varm blir han også, stakkars. 
I går hadde eg eigentleg ikkje tenkt meg på løpetur i det heile tatt, men hodet mitt var ikkje heilt på plass, og eg kjente at eg måtte gjera noko for å få det på plass att.
Ein skygge av meg sjølv.
Det blei ørlitegrann bedre etterpå, men for meg så er ein løpetur mest effektiv for å

  • få betre humør
  • kvitte meg med sinne og frustrasjon
  • kome på andre tankar
  • få hjernekjemien i balanse att (noko som eigentleg er årsaken til dei tre ovannevnde effektane)
I går var eg berre fjern. Hodet hadde slått seg av, så da var det ingen poeng å sitte heime og glo i veggen. Lukas skulle jo ut og luftas uansett.
Eg er fjern. 
Slik "fjernhet" kalles dissosiering på fagspråket, og er noko dei fleste opplever frå tid til annan. Det er ikkje farleg, og kan blant anna vera ein forsvarsmekanisme av hjernen mot for stor stress. Hjernen koblar seg rett og slett ut og fungerar på autopilot.
Eg opplever dette ganske ofte i samband med sterk stress.
Ein følelse av surrealisme, depersonalisering, drømmeaktig, å vera i ein film...
det er uttrykk som kan beskrive dissosiering.
Pussig at til og med mobilen min satte seg sjølv i autopilot!
Det blei virkeleg mange rare bilder:
Tatt av mobilen min. Ganske treffande av løpeturen i går i kveldssola.
Då eg kikka i mobilbildealbumet etter endt løpetur, var det så mange som 30 bilder eg hadde tatt. Eller, riktigare sagt, som mobilen min hadde tatt:
Mange rare bilder med litt kunstnerisk uttrykk.
Eg løper ofte med mobil i handa, og då kjem eg nok fort borte i skjermen, og når kameraet er satt på skjermutløyste bilder, blir det tatt mange bilder utan at eg merkar det.
Godt det var blå himmel - då gjer det meining å sjå på slike bilder.
Nokre bilder var ganske kule.
Mange fantest i tripple versjon, men det er ikkje mange eg sletta. Dei var liksom for artige.
Eg har sans for sånne rare bilder!
Men eg stoppa også for å ta "ordentlege" bilder:
Helikopterlandeplass - vindstilt - kveldssol - Hattefjell. 
Det var så nydeleg med denne låge kveldssola i går. Eg trur det må vera "yndlingstida" mi på dagen for å løpe. Eg prøva å fange inn dei siste solstrålane:
Første syriner og siste solstrålar.
Det blei ein fin tur på 7-8km, og sjølv om hodet fortsatt ikkje var på plass etterpå, så fekk eg litt ro i kroppen, og Lukas fekk seg ein skikkeleg luftetur og eg kunne utnytte den siste kveldssola, mens mobilkameraet fekk slå seg laus med å knipse på autopilot.
Ikkje verst eigentleg.
Det er jo for slike opplevingar at eg driv og trenar...
Kveldssol over Hattefjell...

7 kommentarer:

  1. Jeg syns du skulle gå for den drømmen din om et speilrefleks! Du er så flink til å ta bilder, og finner alltid så mange fine motiv å fotografere (både levende og naturen der du bor). Det behøver jo heller ikke være et veldig dyrt et.
    Selv opplever jeg det som litt "terapi" å kunne ta bilder i naturen. (Og så syns jeg det er litt morsommere med et speilrefleks, for da blir bildene som regel litt finere, hihi...)

    Det er jo snakk om den "magiske timen" da, den stunden før -og etter at solen står opp -eller går ned. Kanskje litt derfor du får en sånn god følelse når du er ute og løper da, for du opplever det litt som magi... ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det var litt magisk, den løpeturen der med den stemninga som var. Me er jo så "heldige" ehem her, at sola går ned bak dei høge fjellene i vest ganske tidleg, rundt 20:30 nå, og det er sjeldan sol etter 22.00 om sommaren, berre nokre få plassar.
      Så det blir eit fint spill mellom solstråler og skygge, og knallfine skyer som lyser over fjellene.

      Eg har faktisk eit gavekort frå Lefdal som dekker eit speilreflekskamera. Berre at eg må kome meg til eit varehus først, og det er jo mange mil unna.

      Eg har for mange år sidan hatt ei speilrefleksliknande kamera, som tok så mange fine bilder, og eg syntest også at det var litt terapi det, og tusle rundt og ta bilder i naturen.
      Ein får jo eit godt blikk for motiv der ute, og er mykje meir til stades enn om ein berre gjekk for mosjonen skyld.

      Så speilrefleks skal det bli!! :) :)

      Slett
  2. Så gøy! Gleder meg til du har fått tak i et da, så vi får se enda flere bilder her inne (jeg ser foressten på alle de du har lagt ut på fb også) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra!
      Eit lite tips: viss du har kjøpt noko frå Lefdal kan du legge inn ei produktvurdering og få eit gåvekort viss din vurdering blir kåra til månedens beste. Det blei min i februar, og 5000kr i gåvekort er ikkje lite!!! (Fekk vite det i april, så litt tolmodighet må ein ha i etterkant).

      Så då blir det speilreflekskamera på meg, Ein dag. Som sagt, eg må berre koma meg ned til ein Lefdalbutikk først ;)
      Det blir moro!

      Slett
    2. Er det sant? Så gøy! :)
      Men du, jeg tror de har nettbutikk også, så du kan kjøpe det over nett, så du slipper å reise til en fysisk butikk(?)

      Slett
    3. Ja det var i nettbutikken eg kjøpte PC'en, men gåvekortet var allikevel berre gyldig eit av varehusa deira. Nærmaste er Skien, det er 8mil, men men, får berre ta ein tur.
      Ellers hadde eg alt brukt opp pengane ;)

      Eg trur dei trekker beste produktvurdering, men i eposten min stod "den anmeldelsen fortente eit gavekort".
      Hehe, ja eg la inn mykje arbeid i teksten. Og det lønte seg ;)

      Slett
    4. Jaha, akkurat ja (det var jo egentlig litt teit syns jeg, at det ikke virker på nett...)
      Men da håper jeg at du snart får tatt deg en "bytur", selv om det var litt i lengste laget å reise... ;)

      Jeg tror så gjerne at du har skrevet en (eller sikkert flere) gode produkt-anmeldelser hos dem. Så godt og utfyllende som du alltid skriver, både her og inne hos meg (og alle andre bloggene du skriver hos), så jeg har absolutt ingen problem med å tro på akkurat dét! :D

      Håper du har en fin lørdag! :)

      Slett