16. juni 2014

Hodet mitt kødder med meg!

Nå likar eg best å skrive positive innlegg.
Om gode løpeturar, sykling, små bølger og blå himmel.

Og det er mykje denne bloggen handlar om, nemleg å skrive om det som er bra.
Om gleda ved trening, om å sette fokus på det positive rundt meg.
Eg er ein ganske positiv og optimistisk person, men når det røyner på, så blir eg fort utslått.
Det er små marginer.

Og saka er, at hodet mitt køddar med meg.
For å sei skrive det rett ut.
Det har seg slik at eg er plaga med mareritt om natta.

Ikkje kvar natt, heldigvis. 
Men omtrent annankvar natt.
Det er ikkje alltid at eg vaknar skrekkslagen. 
Av og til så vaknar eg berre med ein dårleg følelse, ein slitenhet, eit eller anna som sit i kroppen på morgontimane, som eg ikkje skjønner kor kjem frå.
Noko stemmar ikkje. Det er uklart.
Noko er berre ikkje på plass - sjølv om  - Lukas er der jo?
Så dukkar det plutsleg opp bilder og følelser frå drømmene eg hadde den natta.
Huff.
Det handlar stortsett om vanskelege situasjonar, kranglar, diskusjonar og smertefulle konflikter med mine foreldre.
Det eg ikkje fekk gjort opp under oppveksten hentar meg inn igjen om natta.
Og det er ganske ubehageleg.
Det er greitt med ein gong imellom, men for å vera ærleg: slik har eg hatt det i fleire år nå.

Så snart eg begynte å grave litt djupare i kva som kanskje kunne vera årsaka til at eg "møtte veggen", "blei utbrent", "ikkje orka meir" osv, så dukka bildene og situasjonene opp, ikkje berre i samtaleterapi, men også om natta.

Det er slitsamt!
Det steler utruleg mykje energi.
Slik som i dag.
Eg vaknar, og det er noko som ikkje stemmer.
Det er ein slags tristhet, følelse av forlatthet, fortvilelse, og sorg, som ulmar inni meg, djupt inni meg, slik at det knapt er kjennbart.

Og dette til tross for at eg hadde ein fin dag i går, og at sola skin i dag, det er meldt 24C heile dagen, kroppen er i fin form eigentleg, Lukas er frisk, det er fredeleg i nabolaget og eg har ein heil dag til min disposisjon.
Likevel så er eg utmatta før dagen har ordentleg begynt.
Til tross for mange timar med søvn og god frukost.

Hm.
Dette er i følge terapeuten min ikkje noko uvanleg, eller urovekkande.
Me jobbar tross alt med mange av desse traumene frå oppveksten.
Mykje av dette har lege skjult sidan den gongen, godt forsegla, arkivert ein stad der nede inni meg.
Så når eg begynner å stikke hull på denne "infiserte byllen", så er det ikkje rart at det blir smertefult?
Rive opp eit gamalt sår som ikkje hadde grodd?

Men likevel - eg skulle ønske eg slapp å bli henta inn igjen av gamle konfliktar.
For i dag, tross alt, når eg tenker rasjonelt, så skjønner eg jo at dette ligg 20år tilbake i tid.
Dette treng eg ikkje bry meg om lenger.
Det er over.

Kan ikkje også underbevisstheten min skjønne dette etterkvart???

Heldigvis har eg skjønt mønsteret i dette, og derfor veit eg at det som hjelper, er tid.
Det går seg til. Det tek føremiddagen.
Av og til heile dagen.
Blomstring tek tid.
Timar, der sjølve omgivelsane minner meg på at eg er den eg er i dag, og ikkje den eg var.
Eg kan ikkje tvinge fram at følelsane slepper taket, men eg kan hjelpe til litt.
Minne meg på kven eg er i dag.
Kanskje skrive innlegg om trening.
Lese andres bloggar.
Kose med Lukas.
Planlegge konkurransar.
Tråle gjennom nettbutikkar etter treningsutstyr.
Kikke på bilder, osv.
Vera meg sjølv.
Ignorere gamle stemmar i hodet som fortel meg om ubrukelighet.
Fokusere på meg sjølv, på her og nå.
På mål eg har satt meg.
Minne meg på gleden av trening.
Det er som om eg må bygge meg sjølv opp att etter slike netter.

Men er det dette som skal til, så får eg gjera det.
Igjen og igjen.
Eg kan jo ikkje gje opp når eg har kome så langt...
Og når det gjeld trening, så er nok ikkje kroppen heilt klar til dyst på slike dagar som denne. Men, som eg har som mantra for slike dagar: 
Do what you can do in the moment.
Noko går an.
Om ikkje den planlagte lange sykkelturen, så kanskje ein kortare tur?`
Litt styrketrening i staden for fult 5x5.program?
Noko går an.
Eg får finne ut.


4 kommentarer:

  1. Du er beundrigsverdig åpen om det du opplever i livet ditt. Alle ære til deg for deg. Min erfaring er at bare det å gjøre noe-aktivitet, en handling-har en verdi i seg selv og derved identitetsskapende. En treningstur, en arbeidsøkt, en tur i skogen, samvær med venner-alt har verdi. Etter hvert som jeg har blitt eldre kjenner jeg mye på at det å innføre glede i hverdagen er viktig. Glede kan være så mangt, men det er viktig å gjøre sine gleder enkle. Nærheten av natur, vennskap, en svømmetur, frisk luft..alle er enkle ting som kan gi glede dersom en bare tillater det. Stå på videre :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fin kommentar, Jannicke!
      Ja det er ikkje lite tid eg har sitte og sett på og fundert over bloggundertittelen din: Handling definerer og skaper identitet. Den kan eg utanatt nå, sidan den får meg til å fundere.

      Dagen i går endte med forsøk på sykkeltur. Eg er einig med deg at berre det å gjera noko, set i gang ein prosess som gjer det tydeleg kva ein er. Sykling er fin for meg for viss ikkje kroppen er i form, kan sykling vera veldig lett. Så kjenner eg sjølv at å sykle i så vakre omgivelsar som f.eks rundt innsjøen her, så blir eg minna på kva eg likar, kva eg set pris på, osv, også ein del identiteten.
      Men motivasjonen til sykling var ikkje heilt der, så ved Telnessanden (ein flott camping-og fritidshalvøy ved innsjøen) så tok eg meg ein saftis, og ein heil time pause i sola. Og ein liten dukkert (ja DET er faktisk identitetsskapande for min del: tør eg bade? Eg likar jo å bade? Men vatnet er kaldt. Tør eg? Er eg tøff nok?). Og ein prat med mannen som både driv plassen, men også er tannlegen min (som minte meg på at eg overkom tannlegeskrekken min for to år sida - da dett enda ei brikke på plass). Sidan eg berre hadde 12kr igjen, fekk eg velge meg ein sjokolade for litt meir, slik at eg kunne fortsette sykkelturen med meir energi. Og det å få ei "gåve" skapar identitet, det å bli sett, forstått, og bli møtt med godhet - sjølv om dette strengt tatt ikkje skulle påvirke identiteten - men er det positivt, får ein berre suge alt til seg.
      Oi, der fekk du eit kjempelangt svar.
      Dagen min blei god rundt kl18, då eg mot slutten av sykkelturen tok meg ein ekstra runde på bygda for moro skyld.
      Da var litt av den gamle meg tilbake.
      Det var godt.

      Slett
  2. Først må jeg bare få si en ting; og det er at du for all del ikke skal synes at du ikke kan skrive "triste" ting her inne, hvis du har lyst til det. Dette er jo din blogg, hvor du kan skrive akkurat hva du vil.
    Òg, hvem har bare gode dager liksom? Alle kan ha dårlige dager, det viser bare at du er modig nok til å snakke om det :)

    Håper du snart får det bedre igjen, om du ikke allerede er det da. Skjønner godt at slike ting er tunge å ta med seg i livet (tenk, at drømmer kan påvirke oss i så stor grad dagen derpå??), og jeg blir så glad når du skriver at du allikevel klarer å komme deg litt ut. Litt ER bedre en ingen ting, og på meg så føler jeg hvertfall at det hjelper å få bevegd skrotten litt når jeg har en tung dag :)
    (Og at du har fått en å snakke med som du trives med)


    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det Guro!
      Ja klart eg kan skrive kva eg vil her, men så synst eg jo sjølv ikkje det er noko stas å skrive om triste ting. Eller - nå er ikkje innlegget så trist, men eg var heller frustrert og oppgitt. Men greidde akkurat å skrive om det likevel.
      Så eg tenkte...ut med det nå.

      Det er ikkje berre gode dagar nei.
      Og kanskje nokon snublar over innlegget, og slit med det same, og får litt trøst og håp?
      Viss du les svaret til kommentaren til Jannicke ovanfor, så ser du at eg faktisk kom meg ut, og at dei viktigaste brikkene falt på plass igjen.
      Men jammen tok det tid!

      Når det gjeld drømmer så lurar eg på om folk reagerar veldig forskjellige på dei. Nokon meiner at ein må "riste dei av seg", nokon hugsar dei ikkje, nokon prøvar på hugse men greier det ikkje, andre skriv opp kvar einaste drøm, nokon analyserar, og nokon bryr seg ikkje.
      For meg så har drømmene blitt altfor intense og levande dei siste åra, og det er dette som frustrerar meg, sidan eg ikkje får gjort noko med det der og da.
      Bearbeidinga etterpå er så som så.
      Det er dei same temaene som eg alt jobbar med, og eg orkar ikkje bruke enda meir tid på å gå igjennom drømmene også.

      Men det kan hende at det hadde vore lurt.
      Drøfte med ein god venn f.eks.,som synst det er eit spennande tema.
      Ja, eg har nå lært meg å takle mykje rart gjennom åra, og sjølv om eg ikkje har lyst, og ikkje er motivert, så veit eg at det er godt å koma meg ut.
      Null forventningar, men det gjer også at det går.
      Sitte på sykkelen og tråkke.
      Men det var trur eg badet i det kalde vatnet og oppvarminga i den varme sola etterpå på halvøya som gjorde susen.
      I dag er i alle fall alt som vanleg igjen, heldigvis :)

      Slett