2. juni 2014

Sightseeing/running

Bortsett frå ein ørliten joggetur i Haugesund i fjor,  var eg altså ute på min første sightseeingløpetur i går.
Etter ein dag med konfirmasjon av den super flotte niesa mi i kyrkja og masse god  mat og drikke,  kjendest det veldig godt å ta på løpesko og labbe avgarde.

Eg kjendte neg nesten som heime, for etter berre 50m kom første motbakke... Landshut har nemleg ei borg på det høgaste punktet sitt, og løp først opp dit ig så ned att.
Sidan borgen var stengt for dagen løp eg vidare ned"Königsvegen" og tok bildet frå borgen utanfrå. Nede i sentrum i Altstadt var det masse folk og boder og fine hus å ta bilder av...ikkje akkurat den mest anstrengande løpeturen var det akkurat da...
Eg måtte stoppe og kikke og heldt til og med på å kjøoe ein sølvring mef månestein i, til eg kom på at eg hadde rekna om feil frå euro til kroner,  og tja, da blei det i grunnen ikkje så fristande lenger.
Det eg likte spesielt godt her alle fargene på husa:
Eg er virkelig glad for at eg hadde med meg mobilen min med GPS.
Av og til var borgen synleg der oppe, men ellers var det eit virvar av små og store, breie og smale gater...
Borg Trausnitz
Trange gater, og st. Martin med det digre kirketårnet
Og så var den "usvømbare" elva Isar:
Været var fint, og temperaturen god å løpe i.
Det var skikkeleg koseleg å småløpe i gatene som det passa meg, og utfoeske bysentrumet.
Såå fint hus!
Det var morsomt å springe på brostein.
Og så var det berre så mange kyrker!
Denne var artig, med to tårn. Baksida av den såg eg frå huset til broren min, og klokkene dens ringer stadig (og kallar til messe til "ukristelege tider" f.eks.kl.6.00 :D).

Og så var det nokre mindre, litt bortgøymde kirker:
Så denne typen treningsøkt har eg veldig sans for! Eg fekk løpt 7km på ein time, med ørten stoppar for å knipse bileet, og ikkje minst, referere med Hoogle Maps om kor eg var hen.
Det er godt å vera  ferie når det er så fint vær!
Men eg må innrømme at sjølv om himmelen over Tyskland er like blå som over Norge (kanskje ikkje heilt) så gledar eg meg til å kome heim att. Borte bra men hjemme best...

4 kommentarer:

  1. Sightseeing-løping er en veldig fin måte å få sett nye byer på. Jeg foretrekker å løpe om morgenen når gatene er øde, men det høres fint ut å løpe forbi litt markedsboder og sånt også. Fine bilder!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja eg kan tenke meg at det er fint om morgonen da. Den ettermiddagen var det mykje folk å springe rundt forbi sikksakk-mønster, men det var heldigvis god plass sidan dei var i ferd med å rigge ned att, trur eg. Mange fristelsar var det òg!
      Dessutan passa tidspunktet fint, med magen full av konfirmasjonskake.
      Nok av energi å ta av ;)

      Slett
  2. Åå, så mange fine hus og bygninger! Jeg elsker å se på sånne ting, så tusen takk for bildene! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at du likte bildene!
      Eg bruka over ein time på blogginnlegget. Nettbrett er kjekt å ha med på reise, men ikkje spesielt praktisk å blogge på. Ørten skrivefeil ser eg, men det får vera.
      Det var moro å ta bilder, her er det virkeleg mykje fint å sjå på. Skulle gjerne lagt ut fleire bilder alt nå, men dei får koma seinare ;)

      Slett