27. august 2014

Livsteikn!

Jepp, eg finst fortsatt!
Kven skulle trudd det?
Etter ein slik tung sommar?
Kanskje er det på tide med ei lite livsteikn, tenkte eg meg i dag.
Stikke hovudet opp av sanden liksom?

I juli/august har eg nemleg stort sett vore i "survivalmodus" som eg kallar det.
Ta ein dag av gangen, prøv å sove, ete, gå tur med Lukas, ignorere dårlege tankar, søke hjelp om nødvendig.
Og det gjekk an.
Sliten og i survivalmodus, men det gjekk!
Éin ting var nå at eg ikkje kom meg til Haugesund og dermed gjekk glipp av ein gedigen triatlonfolkefest eg hadde gleda meg til lenge.
Men så skjedde det at fastlegen min sa opp stillinga si og skal flytte til Vestlandet.

DET var faktisk verre enn å måtte droppe turen til Haugesund!!
Fastlegen min som har vore god støtte og uunverleg hjelp for meg gjennom dei siste åtte åra, han har måtte seie opp stillinga si av samvittighetsgrunner. Til tross for at eg er utrøysteleg, så støttar eg han. Eg vil heller ha (hatt) ein lege som handlar i samsvar med sine etiske verdiar, enn ein som gjer som han får beskjed om utan sjølvintegritet.
Bildet er knabba frå Bø legesenter si side.
Sånn er det. Spelar ingen rolle når legen min blir borte nå allikevel :/
Eg skal ikkje gå meir inn på kva som førte til at han sa opp stillinga si, det blir politikk, og det gidd eg ikkje uttale meg om. Konsensus her er at det er tragisk at Bø i Telemark mistar to svært gode og godt likte legar gjennom mange år. På grunn av politisk tull. Men som sagt, nok om det.

Ein fin ting som har skjedd sidan sist, er at eg endeleg kom meg igjen på pilegrimstur!
Eg gjekk, som eg har gjort før, saman med ei gruppe frå Grungedal i Vest-Telemark til stavkyrkja i Røldal.
Ved foten av Hardangervidda, på Ålmannvegen mellom Vågsli og Ulevå
(grensa mellom Telemark og Hordaland).
Til fots.
Over fem dagar.
Det er ein del mil, dette!
Så kan hende det kjem nokre bilder av det her også etterkvart.

For ein annan god ting som har hendt sidan sist er, at eg endeleg har fått meg eit godt kamera igjen.
Hurraaaaa! :)
NIKON D5200 heiter vidunderet, og har blitt trufast turfølgje alt nå.
Hurrraaaaa! Endeleg eit godt kamera igjen! Det er nesten 10 år sida sist nemleg.
Eg har savna å kunne sjå gjennom søker. Manuell fokusering.
Heilt herleg!
Problemet utfordringa med å ha med eit godt kameraet på tur gjennom så mange mil i skog og mark er at eg knapt kan la vera å ta bilder, og når mange bilder blir bra, kva bilder skal eg da velge å vise?
Eg tok minst hundre-og-ørten bilder av myrull. 
Men det er eit luksusproblem, så det er berre bra det!

Så mange dagar med fjelluft har også ført til at eg har blitt utruleg inspirert og motivert til å gå meir i fjellet, så det har eg veldig lyst til å gjera i tida framover.
Eit moltebær, urørt av både pilegrimar og fotografen.
Og hausten er jo ei nydeleg årstid å gå i fjellet på!

Treningsmessig har det for det meste blitt styrketrening. Ein løpetur i ny og ne, men ærleg talt, det var meir morsamt å gå tur med kamera over skulderen enn med løpesko på beina.

Men ein sommar i "survivalmodus" har også ført til at eg har igjen fått kroniske muskelspenningar i overkroppen, og dette har ført til skuldersmerter og stiv muskulatur. Og ein tur til fysioterapeuten. Sjølv om eg ikkje kan tvinga fram avspenning, så kan eg framover hjelpe musklane å slappe av, strekke forsiktig, trene "snilt" og bevisst, og funskjonelt. Puste godt.

Eg har også overtatt ein morsam liten tradisjon etter kjæresten til broren min, som er ei super flott dame, oppvaksen i Sør-Tyskland og med å klatre rundt i Alpane. På kvelden etter lange klatreturar i fjellet, så sit ho og spikkar. Ho lagar "Kreisel":
Ein Bergkreisel, laga av fjellbørk på 831m.o.h.
Av meg.
Og den funkar også!
Og nå gjer eg det same.
Det er absolutt ikkje vanskeleg, og den største utfordringa her er nok å halde den skarpe kniveggen unna fingertuppane når ein spikkar!

Ellers står det eit nettbasert kurs i immunologi frå RICE University på timeplanen min.

Eg har nemleg enda ikkje gitt opp drømmen min om meir helsefagleg utdanning, og håpar at eg seinare, når NAV losnar grepet sitt, kan bruke denne kunnskapen eg har innan helse til noko fornuftig.

Så det er liv, og det bra, ikkje sant?

4 kommentarer:

  1. Først av alt så må jeg si at det var så fint å høre fra deg igjen, vite at du føler deg litt bedre og at du har fått gått så mye tur i fjellet i det siste (det sies vel at fjellturer er kjempegod medisin for kropp og sjel?)

    Og så må jeg si gratulerer så mye med endelig å få nytt kamera!!! Så gøy :D
    Det problemet med å ha så mange bilder at du må velge, dét har jeg løst med å bare velge å vise ALLE bildene (nesten). Så får de stakkars leserene mine heller bare godta det, hihi... Så du som tar såå mye fine bilder kan helt klart bare legge ut alle sammen hvis du har lyst ;)
    Tipper det blir mange fine nå fremover på turene dine, særlig mtp. høsten som kommer og alle fine fargene som florere på denne tiden.

    Trist at du mister fastlegen din da... Skjønner veldig godt at du tar dette tungt siden du har et såpass godt forhold til ham og at han kjenner deg og de problemne du sliter med.
    Jeg håper virkelig at du finner en ny igjen, snart, så du slipper den store påkjenningen du kjenner på, så veldig mye lenger..

    SvarSlett
  2. Takk Guro!

    Ja det med legen min er berre trist, men eg får jo ikkje gjort så mykje med deg. Berre sjå meg rundt etter ein ny ein og håpe på det beste...

    Men - så moro med kamera altså!
    Gjennom dei fem dagane eg pilegrimstur tok eg faktisk - ehem - 500 bilder. Så ALLE skal ikkje leggast ut her :D
    Men det vil nok koma ein god del.
    Eg har jo ofte tatt 4-5bilder av same motiv, sidan eg ikkje kjenner kameraet så godt enda, og prøvar meg fram med ulike innstillingar.

    Det er ganske omfattande, men berre gøy synst eg.
    Eg synst jo at bildene dine er fine å sjå på, så når du tek turen vestover att og tek bilder frå kysten, så kan du legge ut så mange bilder du vil, eg blir jo berre begeistra :)

    Fjelluft er herleg, medisin for kropp og sjel ja.
    I motsetning til skogen her, som eg opplevar blir hogd ned meir og meir, og gamle stiar forsvinn, dessverre...
    Men fjellet er der, støtt og mektig, både store og små toppar.
    Og DET er god sjelemedisin det.

    (Når får me fjellstøvler og sekk på blå resept, tru???)

    SvarSlett
  3. Anonym2/9/14

    Hei Imke, lenge siden jeg har lest her.

    Dumt med fastlegen, men det ordner seg nok.

    Det kameraet er bra. Har selv D5000 som jeg har brukt veldig mye. Det jeg savner på den er bedre oppløsning på skjermen og mikrofoninngang. D5100 og 5200 har det. Lykke til med fotograferingen!

    KnutØ

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Knut!

      Ja her har det ikkje skjedd så mykje heller på bloggen, så du gjekk nå ikkje glipp av så mykje heller :P

      Eg har hatt møte med fastlegen (+terapeut) denne veka, og eg må berre vente og sjå kven den nye legen blir, eller om eg bytar til ein annan lege (som kanskje bur nærmare også) - kan jo hende ein ny lege ser alt frå ein annan (betre) side?

      Åå har du kamera også, ja. Eg har skjønt at mange har kamera frå denne 5000-serien, så da valgte eg vel riktig.
      Klart med nye årsmodellar av kamera så kjem det meir oppløsning og fleire rafinessar. Kameraet mitt har vel 20,4 MP, og meir er vel neppe nødvendig. Kjekt når bildet ikkje blei som venta, for då kan ein redigere ein del i etterkant.
      Men kameraet i mobilen har faktisk same oppløsning og tar veldig bra bilder det også, dei fleste bilder i bloggen er jo tatt med mobil.
      Men eg har som sagt savna å kunne sjå gjennom søker, og på den måten fått komponert bilde bedre.
      Eit godt kamera er berre moro å ha med på tur, og vera på utkikk etter fine motiv er kjempeartig, så eg er så langt fornøydd.
      Eg har "sjølvsagt" lyst på objektiv med større zoom, men fram til eg veit kva eg skal ha (og har pengar også ehem) så blir det fotografering med 18-55mm som var jo standard.
      Det er jo mykje eg skal lære meg først.

      Ha ein fortsatt fin dag og ei god veke, Knut!

      Slett