3. september 2014

Allemannsretten

Alle som har vakse opp i Norge har vel, i alle fall om dei har heldige, fått vera med ute i skog og mark og fjell og på vatnet og dermed fått nyte Norges vakre natur.

Det at det er så lettvint i Norge å ha eit aktivt friluftsliv, har etter mi meining med allemannsretten å gjera, noko som er del av den kulturelle arven i Skandinavia.

Men kan ferdast i naturen, me kan slå opp telt og bli i naturen, og me kan hauste frå den.

Det er ikkje sjølvsagt andre stader i verda!

Nå når eg er på tur i skog og fjell saman med Lukas, har eg stort sett med meg niste.
Dvs, at eg ikkje tenner ild i skogen.
Nisteplass frå siste turen på Hattefjell - sommartemperatur var det
- og verken behov eller plass for bål.
Sidan det har vore ein veldig tørr og varm sommer med lite nedbør og mykje varm sol har eg heller ikkje hatt behov for det.
Men nå når det har blitt haust, så lengter eg etter å gjera opp ild og finne roen framfor eit bål.
På tidlegare gruppeturar så har me ofte laga bål i pausen, og det har vore så koseleg!
Me bruka ofte bålplassar som alt fantest frå før, og denne plassen har da gjerne blitt mål for turen.
Når eg går aleine, ser eg ikkje alltid noko poeng i å fyre bål "berre for meg sjølv".
Men det er jo skikkeleg kos også, og dessutan trur eg det er nyttig å lære seg å tenne bål.

Men er det eigentleg lov? Alltid? Og i så fall, kor hen i naturen, og når?

Det er loven om friluftsliv som bestemmer nærmare kva som er forbode og tillate av aktivitetar ute i naturen, men når det gjeld brenning av bål, så gjeld det Forskriften om brannforebyggende tiltak og tilsyn. Denne kan du finne her, på Lovdata.no.
I forskriften så heiter det i § 8-2, Bruk av ild utendørs:  det er forbud mot å brenne bål ("å gjøre i eller i nærheten av skogmark uten tillatelse av kommuen") perioden 15.april til 15.september.
Ein kan altså tenne opp bål ved stranda og i fjellet. MEN - her gjeld det også at ein må ta hensyn til naturen, og dette står i friluftsloven (som du finn på Lovdata her).

Screenshot frå nettsida til Marianne Reusch.
Dvs, å brenne bål på svaberg, og så sløkke det ved å helle vatn over det som får svaberget til å sprekke er skadeleg for naturen og dermed ikkje lov.

Det finst ei god side på nettet om allemannsretten, skrive av Marianne Reusch (www.allemannsretten.no).
Marianne Reusch er utdanna jurist frå Universitete i Oslo, og som har tatt doktorgrad i rettvitenskap med avhandling om allemannsretten. Nettsida er hennes er veldig nyttig når ein lurar på noko innan allemannsretten, så denne sida anbefalar eg alle å ta ein tur innom!
Sida er søkbar, så er det noko spesielt du leitar etter, finn du det fort.

Det kan jo virke som me har ei overflod av vakker natur i Norge, slik at "det ikkje er så nøye" og på mange måtar så har me jo mykje natur, men etter mi meining så skal den naturen tas vare på likevel, uansett kor mykje me har av den!
Både for oss sjølv, men også for dei som kjem etter oss, og for barna våre.
Reglar må til, for skogsbrannar og stygge rester etter eingongsgrillar og svaberg full av svarte flekkar er det da ingen som vil ha.

Men eg gledar meg nå uansett til mange fine turar framover, og ser fram til å begynne å tenne bål igjen...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar