17. september 2014

Diagnose: Plantar fascitt

Da har eg vore hos legen på mandag og fått bekrefta det eg frykta:
Det er plantar fascitt som fører til smerten i hælen(e).

Det tok berre eit par trykk med legetommelen på riktig stad, og saka var klar.
Morsamt er det når eg diskuterar med legen min og han seier "Eg går ut frå at du har lest alt om dette her og kan det meste?" Eg nikkar.
"Ja for det er den fascia som festar seg i forkant av calcaneus, ikkje sant?"
Jepp eg nikkar.

Eg er jo anatominerd. Dessutan synst eg at det er viktig å vite mest mogleg om ein skade eller sjukdom når ein først har fått den.
Fotens knoklar er mangfaldig og har rare navn. Bortsett frå tærne.
Calcaneus er berre hælbeinet, det.

Så kva vidare?
For det første, så hadde ikkje fysioterapeuten min noko ledig time før om to veker.
Kjedeleg.
Min telefon-fjerndiagnose-fysio har nå hjelpt meg med "første hjelp" (mjuke sko, avlaste hælen, mange pausar, unngå hardt underlag, R.I.C.E (bortsett frå Compression kanskje), og intens lytting etter kva signalar foten gir meg etter aktivitet og justering av neste aktivitet deretter.
Okidoki.

Vidare skal eg vera meir nøye med kosthaldet.
Kosthaldet mitt er ikkje så usunt, det.
Men det som er usunt er at sjølv om eg får i meg ein del grønsaker, litt fisk, grovt brød og magert kjøtt (bortsett frå den ukentlege sommarkoteletten som eg berre MÅ ha), så får eg i meg alt for lite.

I sommar har eg hatt så lite matlyst at eg rett og slett har kjøpt meg matlyst på boks.
Jepp, Nugatti. Matlyst på boks, dei tullar ikkje, eit par-tre teskjeier med nugatti får vekk den verste sult-og kvalmefølelsen og ein får lyst på meir (av noko anna - for det finst grenser for kor mykje nugatti det går an å ete utan å bli kvalm).

Når det gjeld maten, så fokuserar eg nå på å få i meg nok protein (oppbygging av kroppens strukturar), vitamin (som er verktøyet til oppbygging av kroppen), sunt fett (som skal byggast inn i cellemembranen til mine flotte fantastiske nybygde kroppsceller i foten, og antioksidanter (minske antall frie oksidantar etter vevsskade).
I tillegg til den daglege tranen min har eg kjøpt inn magnesium og vitaminbjørner.

Dei seier at vitamin i form av kosttilskot har langt ifrå same virkning som vitamin i sin naturlege form (pakka ned i frukt og grønsaker) men eg prøver nå likevel. Om det så berre er placeboeffekten eg får ut av det, greitt for meg!
Magnesium er bra for musklane og støttar opptak av kalsium. Eg trur nemleg at eg ikkje får i meg spesielt mykje magnesium gjennom kosten, så då blir det tilskot.
Vitaminbjørner er faktisk veldig gode -
Mg-tablettane derimot var store å svelge altså!
Når det gjeld trening, så skal eg fortsette med styrketrening - men utan å belaste føtane.
Eg skal også gå bort frå 5x5 programmet (er jo ikkje vits når eg ikkje kan utføre knebøy og markløft som er ein vesentleg del av programmet), og trene heile kroppen med øvingar som ikkje stressar fotsolane og skuldrene (for venstre skulderen er også blitt kronisk vondt i sommar).
Styrketrening utan å belaste føtane
(sjølv om skulderpress er ikkje så bra for skulderen min heller for tida :P)
Eg har også meldt med på ein gruppetime med "mattetrening" som blir leda av ei flott og kunnskapsrik dame som også er fysioterapeut (som eg faktisk har fått behalding frå for nokre år sida). På den måten kan eg kanskje også drøfte øvingar som er godt eller mindre godt eigna for føtane mine.

Eg håpar at eg også kjem meg ut i terrenget på sykkelen, slik at eg får nyte det flotte haustvêret og -landskap, og får blodsirkulasjonen i føtane i gang (og for å "get away from it all" liksom).

Eg skal også lære meg å tape foten med kinesiotape eller annan form for støttetape, slik at fotbogen min, spesielt på høgre foten, får støtte, og skaden får ro til å reparere seg.

Når det gjeld fottøy så brukar eg mine best dempa sko (ASICS Nimbus) med to par innleggsålar som gir litt støtte og ekstra demping.
Eg har også funne fram igjen mine "anti-sko": frå MBT (Massai Barefoot Technology).

Ikkje dei mest kule altså, men i 2009 gjorde dei underverk for min vonde rygg.
Dei trengte eg då eg jobba på museum (Skieventyret) for fem år sida, og gjekk og stod i mange timar på betonggulv og ryggen slo seg vrang. Skoene gir faktisk også avlastning for hælen, sjølv om eg er usikker på kva dei gjer med leggmuskulaturen/akillessenen. For sistnevnde har gjerne med eit ord i plantar-fascittdiskusjonen.
Eg blir usikker kor bra det er å plutseleg få "+18% lower limbs activiy"
Eg vurderar også å kjøpe meg eit par Hoka One One sko, sidan dei har veldig mykje demping.
Og fordi dei er mykje finare enn dei MBT-sko eg har frå før.
Men dei er svinedyre.
Så eg skal sjå om eg ikkje kan oppdrive eit par som ikkje tømmer heile kontoen denne månaden...
Hoka One One Stinson Trail - dei har eg mest lyst på, men dei er svinedyre!
Så driv eg og masserar føtane mine og leggane, og prøvar å legge inn noko avspenning i løpet av dagen. Fram med yogamatte og lett tøying og strekking og avspenning.

I går kveld gjekk eg tur med Lukas og kjente at dette er problematisk, fordi anten så drar han meg i skulderen som også er overbelasta, eller i magebeltet slik at eg må halde igjen med beina.
Og da blir det anten vondt i foten eller vondt i venstremenisk-kneet.

Eg tok fram krykkene som avlastningshjelp i nedoverbakkane, men eg fekk det ikkje heilt til å avlaste høgrefoten. I alle fall ikkje mens Lukas med full intensitet og snuten i bakken drog med full styrke i vegkanten etter eit spor som ei flott tispe hadde lagt etter seg. Den luringen! Damejegar!

Legen min anbefalte meg også å unngå "hard" trening, sidan den nedsatte allmentilstanden min (eg har så lite å gå på i år) har bidratt til overbelastninga. Og ein utslitt kropp er lite effektiv til å bedre ein overbelastningsskade, sidan den brukar opp alle ressursar til å berre "vera til".
Inge fleire fjellturar for tida - i alle fall ikkje til fots og med sekk! :(
Han syntest at det var ein god idé å gå på foto-tur i staden for.
Fotografere kan eg også i nærområdet.
Ellers skal eg ikkje belaste føtane.
Så enkelt er det.
"Keep your feet off the ground".

Samanlikna med å ha ein leddbandskade i kneet (som eg hadde i vinter) så er det ikkje så veldig mykje eg kan gjera aktivt, dessverre.
Bortsatt frå "snille" aktivitetar som får opp blodsirkulasjonen utan å belaste føtane.
Eg kan ikkje gjenta kor mykje eg ser fram til at svømmehallen opnar igjen her!
Rusleturar med Lukas - med mange mange mange sittepausar og fotografering - det går an - med ikkje langs vegen på asfalt der tispene legg igjen sine duftmarkeringar!!
Ha ein fin skadefri dag folkens!

6 kommentarer:

  1. Neiiiii! Sånn planatarskit er skrekken, og jeg skjønner godt hva du mener med hun som drar og ødelegger både skulder og knær. Jeg har diagnosistert meg fram til at alt smertesnusk jeg selv sliter med kommer av måten jeg holder igjen hunden på - ergo er det bare å trene hunden bedre -))
    Føler virkelig med deg siden du også hadde dette knestyret tidligere iår.
    Synes likevel du takler det svært bra og proaktivt.
    Trekk pusten - kjøp nye sko og finn deg en svømmehall.
    (innrømmer at jeg bare skumleste det som hadde med kosthold å gjøre
    , slikt deprimerer meg - tunet inn når du kom til nugattien -))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja veit du når eg er hos fysioterapeuten så har eg begynt å "unnskylde" hunden min for at turane med hans fører til alle slags vondter i armer og bein (og i hodet/nervesystemet, haha), for det er ikkje Lukas sin feil at eg ikkje har lært han godt nok å gå fint.
      Han kunne det ikkje då eg adopterte han, men har blitt myke flinkare på dei to åra nå.
      Men det er heilt klart opp til oss eigarane å fortelle hunden korleis me vil ha det, fordi hundene kan jo ikkje vite det!?

      Huff ja, takle og takle, eg har i alle fall lært meg å takle det, sjølv om akutte skadar er lettare å handtere enn halvkroniske belastningsskader som plantarskit (godt ord forresten).
      Eg trøster meg fortsatt med at det heile stammar frå den fjellturen med tung sekk og harde støvlar, og at det derfor ikkje varar så lenge.

      Jepp - eg driv og skrapar samen pengane til Hoka sko.

      Og - heilt greitt å hoppa over "irrelevante" delar av mine innlegg - dette innlegget blei nå grusamt langt.
      Godt gjort av deg at du kom igjennom.
      Skal legge inn sånne gode "nøkkelbilder" som nugattiboks innimellom - viss det hjelper ;)

      Slett
  2. Ajajaj, dette var jo dårlige nyheter... Kjipe greier altså. Men det høres jo ut som om du har en ordentlig god og konkret plan fremover, så jeg blir ikke overrasket om det snart er på bedringens vei! Du får til det meste du, Imke :)

    Masse god bedring og lykke til med "opptreningen" (hvis det går an å si til noe sånt?) <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Guro!

      Ja eg skal nok på ein måte trene opp foten - sjølv om det heilt klart er mindre opptrening enn det var med kneet.
      Det skumle er at det er belastning og bruk av foten som førte til det heile - slik at eg må unngå visse aktivitetar, og at det er mindre einighet om kva som er bra og kva som ikkje er bra.
      Med leddbandskade i kneet var det heile rett fram, enkelt og greitt.

      Men det har i alle fall ikkje blitt verre den siste veka.
      Rusleturar på mjukt underlag i nærområdet med Lukas og kamera er opptreninga.
      Styrketrening i sittande posisjon for min eigen del.

      Jaaa eg er jo nødd til å få til dette :)

      Slett
  3. Æsj - plantar er noe dritt! Jeg er ingen ekspert på dette men jeg fikk dette i Juli 2007 da jeg begynte å løpe igjen etter ett års abrekk. Siden jeg da hadde vært innaktiv i over ett år (pga svangerskap fra helvete) og akkurat kommet i gang med løping igjen så kostet det veldig lite for meg å ta 4 uker uten løping. Jeg mener: jeg var i elendig form, hadde ikke løpt eller trent på over et år så fire uker fra eller til uten trening hadde liksom ikke noe å si. Det funka for meg og jeg kunne begynne å løpe igjen. MEN, jeg kjente murring i ganske lang tid etterpå (da jeg løp på asfalt gjennom vinteren 2007/2008) og det jeg merka meg var at skovalget var helt essensielt. Jeg prøvde flere par sko men fikk vondt av samtlige (mye bortkasta penger men dessverre så var det ingen annen måte enn å teste ulike sko....). Så fant jeg en modell (Saucony Triumph) som funka og da kjøpte jeg tre par av denne modellen og løp kun med denne modellen til jeg ikke lenger kjente noe murring. Det tok veldig lang tid men jeg løp da litt og jeg var forsiktig og påpasselig i lang tid.... jeg vet ikke om dette lesestoffet bare gjorde situasjonen ennå værre for deg men det var i grunn ment positivt: det går aller helst godt! Og det var ment som et tips: vær nøye med skovalget og parker sko som gir smerte i hælen - ikke bruk sko som føles ubehagelige!

    Ellers må jeg bare si tvi tvi og at jeg heier på deg!!!! Håper du får orden på sysakene ;-)

    (jeg er forøvrig også på vitaminbjørn, jernpille og omega-kjøret :-))

    SvarSlett
  4. Tusen takk for gode råd Silja!

    Det gjorde det absolutt ikkje verre, eg er berre takknemleg for alle innspill, og om andre har opplevd PF og har kome seg igjennom det, så vil eg gjerne høyre om det (med mindre det heilt tok fleire år - då er det best ikkje å vite :P).

    Ja skovalget har eg veldig tru på, og eg er villig til å investere i sko og prøve.
    Øvst på lista står eit par Hoka sko, sidan dei virkeleg ha massevis av demping, og eg hugsar så godt kor harde og stive fjellstøvlane mine kjendest då eg bruka dei - så demping for alle pengar!

    Så er jo det med støtte under fotbogen viktig - og er mine ASICS Nimbus litt for "flate" og kanskje Hoka'ne også. Så eg skal skaffe meg gode innleggssåler.
    Eg har sett lenge på Saucony sko men aldri prøvd, dei ser berre ut som ein type sko som kunne passe føtane mine. Men det er jo forskjell mellom modellane også.

    Ja den der murringa i foten!?
    Heldigvis så er smertane blitt mindre, men eg har jo redusert aktiviteten på beina betrakteleg.
    Men av og til er som eit lite vepsebol inni foten - er vel betennelsen som blussar opp da?

    Eg har ingen problem med å ta løpepause nå, heldigvis hadde eg ingen planar for løp uansett (det var ein halvmaraton i oktober i Tyskland, men den turen blir det ikkje noko av uansett), så eg trur eg skal takle å halde meg unna løpinga fram til våren, i alle fall viss det er eit poeng.
    Berre eg kan få gått litt, og det heile ikkje blir verre.

    Ja litt"piller" er jo greitt, alt hjelper. Jernverdiane mine er sjekka, dei er gode.
    Omega tre er jo berre bra, så det har eg tatt i heile i år.
    Og vitaminbjørnene er jo farleg gode, ikkje rart det er barnesikring på boksen :D

    SvarSlett