26. november 2014

"Klar til løft? - Løft!"

Då er det tid igjen for den månadlege oppdateringa i bloggen min :D

Ok, det er ikkje meining å la bloggen ligge så lenge urørt, men slik er det nå for tida - eg kjenner at eg rett og slett ikkje har kunne tatt meg tid til å blogge.
Men eg tek meg alltid tid til ein selfie eller to saman med Lukas.
Sidan sist oppdatering for ein månad sida har det skjedd lite treningsmessig.
Eg har vore utruleg lat til å gjera øvingar for plantarfascittfoten min (nå har også venstre foten begynt å krangle meir - men i det store og heile går det bedre, sakte men sikkert).
Syklinga har bestått i å sykle ned til sentrum for å handle for så ha 12 minuttar med intensiv motbakkesykling med tung bagasje på sykkelen.
Men det er jo bedre enn ingenting, ikkje sant?

Turane mine med Lukas er på maks ein time i skogen - eller 40 min på asfalt.
Det er tråkkinga på asfalt som er verst for føtane eigentleg.
Men pussig nok så er foten berre vondt av og til - og av og til gløymer eg faktisk at PF'en er der.
"Skal me ta med den pinnen her?".
På kveldstur i skogen med Lukas.
Eg svømte ein gong i løpet av den sisten måneden og skjønner nå at eg ikkje burde ta så hardt i sjølv om det er så moro, for eg var støl i fleire dagar etterpå - eg legg skylden på 50m brystsvømming (ja femti, f-e-m-t-i)  - brystsvømming er noko som eg ikkje har drive på med på ganske lenge - så då blir visstnok også berre 50m for mykje...

Løping har ikkje vore aktuelt - og blir det heller ikkje før kanskje til sommaren - då begynner eg igjen på scratch.
Styrketrening har eg gjort bittelittegrann - kanskje 1x i veka.
Motivasjonen har vore dårleg, og matlysten har vore dårleg, og med lite mat og energi i kroppen så frista det ikkje å trene.
Godbukse, teppe, puter, beina på bordet, ein kopp te og Lukas -
eg har drive med restitusjon både fysisk og mentalt.
Men eg har brukt tida til å delta på fleire kurs i hjelpekorpset i Røde Kors, og faktisk blitt godkjent hjelpekorspmedlem.
Ta daaaaaa :)

Det siste kurset, GSOR (Grunnkurs i søk og redning) omfatta tre dagar med kurs og derav to dagar tråkking i skogen.
Eg var usikker på korleis det ville gå med foten min. I staden for å plage føtane mine med stive fjellstøvlar så fann eg fram vinterstøvlane mine som har godt grep og mjuk såle, og tok ein sjans på at dei ville gje god nok støtte og vera tette nok og samtidig mjuke nok.
Keen Hoodoo - ville støvlane funke som turstøvlar, tru?
"Heldigvis" var det utruleg blaut i skogen, og me gjekk anten på mjuk sti, eller i terrenget, i lyng og mose, og delvis i veldig blaut myr eller på gjørmete traktorveg.
Det er jo kanskje ikkje så morsamt underlag i seg sjølv å gå på, men fantastisk dempande for plantarfascittføter!
Me skulle også bære båre, dvs ein patient på 80kg fordelt på fire personar som bærer.

Dette var eit sjansespel med føtane mine, men her også gjekk me i variert terreng, på stiar og i lyng og gjørme, så det blei god støytdemping.
Verre var det derimot for eigenvurderinga av styrken min i armar og hender.

Du verden har eg fått muskelsvinn liksom???
Første dag med bårebering var heilt grusam! Eg greidde såvidt å bere i eit halvt minutt så måtte me stoppe, senke båra ("Klar til senk? - Senk!" er som musikk i mine øyre nå), ta ein pustepause, bytte plass og starte opp att ("Klar til løft? - "Løft!").
Bæring av båre - det er tungt!
Dagen etterpå skulle me bere båre like langt om ikkje litt lengre, etter å ha søkt etter savna personar i skogen i 3-4 timar. Sjølv om eg var ganske sliten frå dagen før, så vakna litt "konkurranseinstinktet" mitt. Dvs, ikkje følte eg at det var ein konkurranse mot dei andre i kurset, men heller denne gnisten av konkurransemodus - nå skulle eg aktivere alt eg har av krefter, stahet og vilje, og bere med full styrke!
Litt piggare på søndagen enn på laurdagen.
Pasienten var den same som dagen før.
80kg+.
Men eg hadde fått i meg mykje meir mat.
Eg hadde også fått i meg nok vatn.
Hanskane frå dagen før blei bytta mot eit par med bedre grep.
Eg pusta bedre.
Eg var betre kledd.
Hadde full fokus på oppgåva.
Halde ut, stå på!
Du har tatt ein ironman før, dette skal du greie!
Sykling krevst mest av uthaldenhet på ein triatlon, synst eg.
Eg greidde å overføre noko av triatlonuthaldenheten min til bæring av båre.
Og det gjekk veldig mykje bedre enn dagen før.
Eg var spesielt overraska over kor mykje nytte eg hadde av tidlegare konkurransar, spesielt frå lange distansar, der eg virkeleg måtte mobilisere krefter.
Det funka faktisk fint også på bårebæring.
Kanskje er det noko med det enkle fokuset?
Ete, drikke, gjera ein innsats når det gjeld - tenke sterke tankar?

Kurset stod eg, og fekk også positiv tilbakemelding rundt det å gå vidare til kvalifisert søk og redning, og kunne vurdere kurs i lagledelse.
Det var moro å få så bra tilbakemelding.
Føtane mine hadde det også bra etter kurset.

Kurs i kvalifisert søk og redning ("KSOR") var to veker seinare, sist helg, men kurset droppa eg denne gongen.
Foten min var ikkje klar.
Den har begynt å gjera vondt igjen.

Etter ein kort diskusjon med kursleiar blei me einige om at det ikkje var smart å ta nokre sjansar - det kjem tross alt fleire kurs (både til vinter og våren) som eg kan vera med på - men då må føtane mine også vera klare!
Det var litt trist å droppe kurset, sidan eg var så godt i gang, og hadde gjerne fortsett der eg slapp, saman med dei hyggelege kursdeltakarane frå GSOR.

Men men - ingen vits å skade føtane meir, nå skal dei få restituere seg godt!
Det skal dei.
Og så blir dei klare til innsats igjen.
Berre vent!

6 kommentarer:

  1. Så hyggelig å lese litt på bloggen din igjen, Imke :)

    Jeg syns det høres ut som at du har vært litt i aktivitet da, tiltross for "lite trening". Det er jo dét som er viktig er det ikke? At du er ute på noe og er i bevegelse? Så kan heller de mer pust-anstrengende treningene kommer etterhvert, når foten har blitt bedre :)

    Gratulerer med bestått kurs da! Tenk alt det du har fått lært, og hvor verdifullt dette er for andre som nå kan benytte seg av din kunnskap! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Guro!

      Ja eg er ganske stolt over godkjenninga - det er faktisk mykje tøffare enn ein skulle tru, desse kursa, spesielt å bære båre gjennom tøff terreng i tussmørket - all respekt til hjelpekorpsa rundt omkring i landet som gjer ein kjempebra jobb!

      Ja eg er jo ganske aktiv - Lukas har litt av æra for det, men eg likar jo å halde på med ting.
      Eg har så smått begynt å sykle litt meir strukturert, men nakken min likte det ikkje (ikkje så rart, har jo hatt ein ganske lang treningspause).
      Så ja, pust-anstrengende trening får vente litt så lenge ;)

      Slett
  2. Anonym29/11/14

    Hei igjen, Imke! Jeg ville ha kutta gåturer på asfalten helt og om mulig. Måtte selv gå endel på asfalt da jeg slet med plantar f siden jeg ikke har bil, men prøvde å gå i grøfta og kun med godt oppbygde sko med demping. Tenker at de verste smertene er om morgenen når du står opp og etter lange dager når du setter deg ned? Er du flink til å variere mye med sko tøyet slik at foten blir stimulert forskjellig fra dag til dag? Det hjelpte meg enormt.

    Er ellers imponert over triathlon konkurransene du har deltatt i. Det blir kun korte distanser på meg, ryggen greier ikke mere enn rundt fire mil før den låser seg (sykkel). Men mye heller det enn plantar f som begrenser den artige løpingen. Lykke til med å komme tilbake skadefri, jeg følger med i bloggen din, jeg, vet du :) Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk og hei Line! :)

      Ja dei første dagane så varierte eg sko heile tida - til og med i kombinasjon med forskjellige innleggssåler - alt ettersom kva føtane mine ville ha. Akkurat nå er favorittane eit par Keen vinterstøvlar (sjå bilde) som har mjuk såle, kjempegod plass til foten framme, og plass til to par støytdempande innleggssåler - dei funkar faktisk bedre enn mjuke mengdetreningsløpesko.

      Om morgonen er det faktisk ikkje så vondt. Men etter eit kort dobesøk på natta (2x8skritt liksom) så murra foten fort altså.

      Ja eg har heller ikkje bil, og prøvar å ta det meste på sykkelen, heldigvis er det korte avstander her. Men så snart eg skal ta bussen til "byen" eller andre stader så blir det forferdeleg mykje tråkking på hardt underlag, så det har eg valgt bort i størst mogleg grad.
      Eg har til og med begynt å sykle med Lukas, i staden for å gå tur, og det er spennande mtp dei bratte nedoverbakkane her dekka av eit tynt lag med is + at Lukas er nå stor og sterk og sta.
      Det blir ein del sykling på meg i grøftene her ja :D

      Forresten så har eg også blitt utruleg følsam i føtane ovanfor underlaget, og går gjerne ved sida av gangvegen, på gras, grus osv, og kjenner stor forskjell. Mykje bedre å gå der.

      Ja eg har ein fin triatlonkarriere eigentleg ;)
      Eg burde vel minne meg sjølv på det innimellom, sånt blir det godt humør av.

      Lange distansar synst eg ikkje er så myke tøffare enn korte, spesielt halvironman synst eg er ein herleg distanse, lang nok til at den er tøff, men ikkje så voldsamt som full ironman, og det går ikkje så fort, ein har god tid til å ete og drikke (spes.på sykkelen), du kan slappe av innimellom, varierere fart og intensitet.
      Men slit du med ryggen, ja da blir sykling ei utfordring.
      Eg slit med øvre rygg og nakke på syklinga.
      Spesielt nå, når eg trenar lite.
      Det spennar seg fort, og eg er stiv og støl i to-tre dagar, pusten blir dårleg, spenningshodepine setter inn - ikkje gøy :P

      Eg har ein god fysioterapeut som hjelpar meg med akkurat dette - mest mtp kva eg kan gjera sjølv for å få det til med vond nakke og skuldre.
      Så er det himmelstor forskjell kva sykkel ein brukar - eg har da to stykke - temposykkelen går maks ni mil, ellers så har eg ein racer for lengre turar.
      Og eg har bytta både sete, styre, styrestem fleire gonger for å få riktig oppsett - der er det mykje å hente av god sykkelstilling.

      Men ja, heller kranglete rygg enn PF :P

      Ja eg får følge med vidare på bloggen din også - det blir bra :)

      Slett
  3. Den bårebæringa høres jo tøff ut! løft og senk ja.....imponert over alt du klarer. Gratulerer forresten med godkjenningen - du stiller deg til meningsfull og verdifull tjeneste! Håper helseplagene roer seg, og at PF forsvinner. Jeg kan ikke huske sist jeg løp på asfalt, er til og med skeptisk til å GÅ der. Murrer i foten relativt raskt dersom jeg ikke tar hensyn. Ønsker deg en fin søndag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Janne!
      Ja det med asfalt er eit dilemma - eg har nemleg alltid likt å løpe asfalt, er reine asfaltsliter eg da!
      Men eg likar også å springe i terrenget og på stier, så det blir ingen problem å unngå asfalt i framtida.

      Ja den PFen skal nok forsvinne ein dag, men det tek tid. I det store og heile blir den bedre, men eg må virkeleg passe meg for å ikkje "misbruke" dei god dagane, dvs tråkke rundt på hardt underlag i timesvis. Sykling er gull verdt.
      Åssen blir det med ski, tru, har du noko erfaring med det?

      Ja Røde Kors er utfordrande, mykje meir enn eg trudde, så nå har eg fått enda større respeskt for den jobben Røde Kors gjer, spesielt hjelpekorpset.
      Neste kurs blir forhåpentlegvis til vinteren, om føtane er einige.

      Ha ein riktig fin søndag du også! :)

      Slett