2. mars 2015

Å steike arme riddere på eitt bein

Eg går med så mange blogginnlegg i hodet. Spesielt når eg luftar Lukas så hendar det at eg spaserar og formulerar tekstar om dagens trening, om kva som skjer, om kva energibarar eg har lyst å blogge om, kor kjekt det er med truger, at det går an å trene løping utan å løpe (men med plantar fascitt) osv.
Og så går dagane så fort utan at noko blir skrive. Det skal eg gjera noko med.
Eg begynner i det små.
Eit steg av gangen (eller i gangen, om du vil, alt hjelpar på veg tilbake til løpsformen :D).

Eg er i gang med å trene regelmessig igjen. Motivasjonen er stor.
Inspirasjonen også.
Eg vil delta i ein ironman igjen.
Og då treng eg eit par føtar som kan løpe.
Eit par løpeklare føtar. 
Så eg skal trene meg opp att.
Skal bruke heile 2015 på dette.
Fokus på basistrening, styrke, balanse, løpsteknikk, sykle myke, teknikkøvelsar, osv.
Samtidig skal eg også gjera noko med matinntaket mitt.
Eg slurvar veldig med dette nemleg.
Det blir for mykje lettvin mat med for lite næring (dvs vitaminer, det er ikkje mangel på kaloriar).

Når eg ikkje har det bra, så lar eg vera å ete ordentleg, matlysten er jo heilt på botn da.
Så eg treng å finne på noko å få matlysten tilbake på.
Akkurat som eg treng å finne på måtar å trene på som ikkje gjer plantarfascittfoten verre, og som er både moro og nyttig.
Det er ikkje noko plen å løpe barbeint på, så det blir truger i snøen - det likar plantarfascittfoten min faktisk! 
Balanse er eg ikkje spesielt god på.
Ikkje spesielt dårleg heller kanskje, men eg har nok ein stor svakhet i føtane mine sidan eg har veldig stor bevegelighet i fot og ankel.
Det er det ikkje berre éin fysioterapeut som har bemerka.

Så det gjeld å styrke balansen, alle dei små musklane som gjera at ein held seg på beina.
Også på eitt bein. Også med lukka øyne.
Også på ujamnt underlag.
You name it.

Eg har kjøpt meg ei balanseputa og tatt den i bruk.
Ikkje sånn "flink og regelmessig", men eg er på veg dit.
Sidan eg også skal jobbe litt med å lage meir forskjellig mat, så flyttar eg balanseputa inn på kjøkkenet når det blir kokkelering.

I staden for å berre stå der og stirre på mine arme riddere i panna (dei er jo himmelsk gode!), så står eg nå plutseleg der i tillegg på den der balanseputa på berre eitt bein. Fysioterapeuten min meinar at når ein lukkar øyne i tillegg så får nervesystemet ei større utfordring med å finne ut kor kroppen er i forhold til rommet ("propriosepsjon") og då blir det bedre læring (det tør eg ikkje med ei varm steikepanna foran meg, men ellers så er dette virkeleg artig å prøve!)

Det er ikkje så dumt, trur eg.
Dessutan så kjennest denne balanseputa såå godt under føtane, både med og utan sokkar. Best utan, men eg varierar.
Lukas er ikkje spesielt imponert over mine påfunn som me ser på bildet, og sidan balanseputa er for lita til å ligge på, så er han ikkje vidare interessert i denne. Arme riddere får han heller ikkje. Så han orkar ikkje sjå på dette.
Så slik går dagan her for tida mens me ventar på våren...
Balanseputa for lita, arme riddere ikkje hundemat...
Lukas snur seg vekk mens eg balanserar på eitt bein og gledar meg til god mat .

2 kommentarer:

  1. Anonym8/3/15

    Eg svarer her, eg! Veit du, å delta i og være publikum på Abu Dhabi triathlon har vore ein draum, men plutselig så var det ikkje så nøye når dei nærmeste ikkje var friske.... Men jaudå, fleire sprell blir det nok, seinare!

    Synes du har realistiske planer og visjoner for året som kjem. Vil du konkurrere i det heile? Er du på instagram? Eg har blitt så ivrig etter å ha joina der nylig, men har ikkje sett noke til deg der...? Line

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Line!
      Ja berre svar her du :)
      (Her kan du slå deg laus på dialekt au veit du ;) )

      Ja desse draumane vil jo ikkje bli borte berre om ein utset dei littegrann. Eg synst jo som sagt at det var veldig forståeleg det du bestemte deg for!

      Ja eg skal konkurrere - på sykkel!
      Eg skulle såå gjerne vore med på ein triatlon, motivasjonen er høg, men så har eg ikkje lyst til å sette føtane mine på spill. Dvs når det gjeld plantar fascitt er det visst mange som "løper seg igjennom det" men i og med at eg har satt meg inn i saka, så trur eg at det er lurt å legge litt tid i rehabiliteringa - leddbandskader er nemleg slik at sjølv om dei blir bra, så blir strukturane sjeldan like sterke som før (og den plantar fascien er forsåvidt eit leddband), slik at eg vil først styrke denne og så begynne å løpe igjen.

      Eg gjer altså relatert styrketrening og "speed skills" for løping, jobbar med teknikken min, men gjer alt saman inne.

      Eg har sett meg ut kanalrittet som er eit terrengsykkelritt, og det skal eg vera med på - det blir spennande, eg har faktisk aldri deltatt i eit reint sykkelritt!

      Så kanskje blir det eit ritt til også.
      Ei venninne har invitert meg til å kome til Oslo og bli med på Tyrifjorden rundt, men då må eg strippe landeveissykkelen min slik at den blir fri for triatlontilbehør - så me får sjå.

      Ja eg er på instagram.Eg har funne deg der, og kommenterte på eit bilde, så nå kan du jo sjå om du finn ut kven eg er (sidan eg ikkje brukar navnet mitt, men du kjenner vel att dialekten tenker eg :D )

      :)

      Slett