1. juni 2015

Forbaska trøtthet!

Treningsmotivasjonen er god for tida, eg nyt våren og syklinga og turar i skogen og faktum at føtane mine spelar på lag, dvs plantar fasciten ser ut til å bli bedre.
På slike dagar er det ikkje vanskeleg å motivere seg for ein sykkeltur -
då er det heller vanskeleg å IKKje dra ut med sykkelen.
Dette er Seljordsvatn på ein nydeleg maidag, sett frå sykkelsetet.
Men eg er så forferdeleg trøtt om dagen.
Eg skjønner ikkje.
Altså eg er ikkje nedstemt eller deppa.
Etter så mange timar hos psykolog og terapeut trur eg at eg er i stand til å skille mellom negative tankar, nedstemthet, følelser av tristhet, mangel på energi osv.
Trøtt i trynet på tur med Lukas
Eg trur eg kan identifisere desse automatiske tankane som kan gjera livet tungt, desse tankane som er der, men som er vanskeleg å legge merke og kvitte seg med.
Og ja, nokre tankane er der.
Mest av alt er eg ikkje tilfreds med boligsituasjonen min. Det er så mørkt her i hybelen. Ikkje eit vindu mot sør. Og altor mykje skog mot vest som skyggar for sola.
Eg savnar lys!

Mangelen på lys forsterkar kanskje ein del av tunge tankar? Men om eg registrerar tankane mine så er dei også veldig gode, og positive.
Men energien min, kor er den blitt av?

Det kjennest som eg har blitt utdelt ein viss menge energi som eg kan disponere over tid.
Og så skal eg fordele denne porsjonen med energi over eit visst tidsrom, akkurat som når ein set opp eit budsjett.
Nå på våren så blir det så grønt, og det virkar som tre og buskar og blomar
og alle slags skapningar er full av energi.
Så kjennest det som om eg har brukt energien min før tida.
Eg vaknar og er trøtt.
Får nesten umiddelbart hodepine og blir slapp og rar.

Då er det ganske vanskeleg å gjera noko som helst.
Så sist helg, pinsesundagen, vakna eg tidleg og var utruleg trøtt etter ei dårleg natt, og fekk i meg frukosten, kosa meg med ein kopp kaffe (heilt nydeleg, den første kopp kaffen om morgonen altså!), og så hadde eg like godt kunna lagt meg igjen.
Slik kjennest trøttheten - urovekkande, litt mørkt, rastlaust,
lyset og energien gøymer seg der bak. Ikkje hyggeleg.
Til tross for så mykje eg hadde lyst til å gjera.
Den følelsen, eller tilstanden når ein er for trøtt til å kunne konsentrere seg om noko som helst, samtidig som ein er for rastlaus til sove, den er vanskeleg å halde ut.
Så då tok eg og gjekk ein tur med Lukas.
Lukas er elskar å gå tur og er alltid like bli, uansett klokkeslett.
Det har nok ikkje hendt på veldig mange år, at eg har tatt med meg Lukas ut på tur i skogen på ein sundagsmorgon i 9-tida. Eg er ikkje noko morgonfugl i det heile tatt.
Og like trøtt var eg på tur.
Men det var likevel deileg.
Eg fann ut at eg var så trøtt at det ikkje gjorde noko. Alt var greitt liksom. At Lukas skulle stoppe annankvar meter for å snuse på eit grasstrå. Heilt greitt.
Og det var fredeleg og stille ute, så tidleg på ein heilagdag.
Det er nydeleg i skogen for tida!
Så eg blei litt oppstemt.
Sjå på meg da, eg er ut på tur så tidleg i skogen!
Det går an!
Me tok ein liten runde på litt under ein time og var heime igjen før regnet satte inn.
Det var moro.
Utsikt frå turen. Seljordsvatnet er berre så vakkert. 
Såpass moro at eg gjentok suksessen dagen etterpå. Pinsemandagen var det nydeleg solskin frå morgonen av. Men til tross for solskinnet, så var eg akkurat som dagen før, ganske trøtt.
Snuble-trøtt.

Men godt var det likevel å vera ute i skogen, omgitt av furutre og kongler og mose og fuglar og røter og stein, alt var heilt ok.
Sidan pinsehelga så har eg mange dagar tatt ein morgontur med Lukas.
Same runde, med små variasjonar.
Når det er varmt så legg me turen innom Kivleåi, der kan Lukas kjøle seg ned.
Det er alltid fint når eg er ute.
Og så er eg alltid like trøtt når eg kjem heim att.

Det finst ingen god forklaring, eg er trøtt frå morgon til kveld.
Eg har verken mensen eller vitaminmangel (trur eg, det har eg "dessverre" aldri hatt, sjølv om det hadde vore ei fin og lettvin forklaring, og enkelt å fikse).
Eg har heller ikkje starta eller slutta med noko medisin, allergien som eg sleit med i vinter er også borte igjen. Ikkje kan eg skylde på spesielt mykje trening heller. Eg prøvar å ete nok, og godt nok.
"La humlene suse" denne her møtte eg på tur, og den var ganske trøtt den også.
Ikkje mykje susing frå den, den tok seg ein kvil den.
Eg er berre trøtt, trøtt, trøtt.
Eg har hatt denne tilstanden før, og hugsar at eg beskreiv den som å vera ein luftballong fylt med luft, men utan knute. Viss ingen fyller ballongen med luft, blir den slapp med ein gong. Og då er det ikkje noko stas med ballongen.

Tja. Som sagt så gjer føtane framsteg, eg har også henta heim landeveissykkelen og gjort den klar for innsats, for moro skyld. Eg har fått meg eit par supergode løpe/terrengløpesko som eg har lyst til å blogge om, eg tek hundrevis av bilder av den vakre vårnaturen ute, men likevel: trøttheten består.
Nye terrengløpesko! Merrell Allout Rush - veldig gode!
Eg får berre håpe at denne trøttheten ikkje varar så altfor lenge.

2 kommentarer:

  1. Veldig fint bilde i toppen, tror jeg låner det som skrivebordsbakgrunn!

    Kjenner meg litt igjen med de NATene (autotankene). Kan sove mye men allikevel være helt utslitt i toppen om morgenen, selv om det ikke er noe fysisk feil, sånn kan pågå i uker og måneder. Dette skjer oftest når jeg er hjemme alene eller når jeg blir stresset av å tenke på alt jeg skulle ha gjort og f.eks henger etter studiene som nå. Når jeg reiser vekk til Vestlandet for å passe unger og hus for venner, tar dette plassen for mye av NAT-ene og jeg føler meg mer tilstede i hverdagen. Konsentrasjonen er også skjerpet. Når jeg kommer hjem etter noen dager eller uker borte, er de første dagene hjemme mye mer konsentrert og friere for NATer enn ellers. På toget til og fra får jeg også gjort unna en hel del lesing. Kanskje jeg burde kjøpe sesongkort på toget og kjøre tog hele dagen? Samme skjer når jeg kjører bil eller sykler. Da må jeg konsentrere meg for å ikke kjøre i grøfta.

    Var i behandling for sånne tanker for noen år siden og det hjalp mye, men det dukker opp igjen hvis jeg ikke bruker de verktøyene jeg fikk for å holde de på avstand. Det hjelper å skrive og snakke om de med andre, og ofte hjelper det med mindfulness, men ikke alltid. Hva hjelper deg?

    Noe sitter veldig dypt og har vært en del av livet i mange år og da tar det tid ta de opp igjen og gi slipp på de også. Forstyrrende tanker er som en høylytt person som sitter ved siden av meg og ikke klarer å holde munn, eller bære på en sekk som ikke går an å ta av.

    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så koseleg at du likar bildet, du må gjerne bruke det om bakgrunn. Eg kan godt sende deg originalen som har større oppløsning. Eg pleier å redusere størrelsane på bildene her slik at sida ikkje skal ta så lang tid å laste opp for trege tilkoblingar.

      Ja NAT, det var ei grei forkortning.
      Mange av desse NATs er jo heilt feil, og når me er saman med gode mennesker f.eks., så blir det ein heil del av desse avslørt og tilintetgjort. Så eg merkar også at når eg har vore aleine eit par-tre dagar i strekk så går det og surrar i hovudet, då er det tankekvern på gang for fult!
      Så då hjelpar det med rett og slett og stikke nesa i ei fagbok å lese (eg les pensum for anatomi og fysiologi, så der er det uendeleg med lesestoff).
      Men eg trur at når eg er så trøtt så er desse NAT tilstades utan at eg merkar det. Derfør blir eg så trøtt. Eg skjønner det ikkje. Eller så har eg innsett at dei "stemmer" likevel?
      Sjølv om eg eigentleg ikkje er einig, og rasjonelt veit at dei ikkje er sanne.
      For meg hjelpar det også å sykle ein tur eller løpe/gå i skogen, slik at pulsen kjem opp og eg blir skjerpa, kroppen jobbar og hjernen produserar mykje av dei gode signalstoffa som ein blir så skjerpa av, og til stades, og fokusert.
      Men sist i går så blei eg så sliten og trøtt på kvelden sjølv om eg hadde sykla og hatt ein fin tur, då kom det nokre NAT om alt eg ikkje får til, som er så tungvint, vanskeleg, utilstrekkeleg. Huff, då blei det vanskeleg å sovne, til tross for at eg hadde rusla med Lukas i nesten ein time og sykla to timar den dagen!
      Det med å køyre tog og bli fokusert kjenner eg meg veldig godt igjen i. Då eg studera på 90-tallet tok eg toget ein god del, og sat og las fag. Eg hugsar fortsatt kva eg las om (plantefysiologi), 20år seinare! Eg tok også trikken der eg budde, og det var så avslappande, det var heilt magisk.
      Når eg køyrer bil spesielt her oppe i Vest-Telemark ja då kjem eg ofte inn i ein "flow"tilstand, samtidig som eg er konsentrert på vegen så er det stor kreativitet som foregår.
      For min del så er det akkurat at eg må bruke den "rasjonelle" del av hjernen til å passe på køyringa/syklinga slik at den kreative problemløysiningsorienterte delen får fritt spill, som gjer susen-..
      Så eg håpar at du held deg på vegen ;)

      Ja eg har gått ein del år i terapi, men det er som du seier, ein må også bruke verktøyet ein har fått med seg.
      Mindfulness er det mange år sida at fysioterapeuten har lært meg litt, men det brukar eg lite strukturert. Heller når eg har det bra, som å virkeleg kjenne vinden, lukte grasset, kjenne kroppen bevege seg osv.
      Når eg ikkje har det bra så taklar eg ikkje å "vera tilstades her og nå og observere tankane" det blir for tøft :/

      Ja eg har ofte tenkt at desse tankane er som om nokon gjeng bak meg heile tida og masar "Ser du, du klarar ikkje det." "Tull av deg å spørre, du veit jo at du ikkje får" "Dei har ikkje bruk for deg" og så må eg snu meg og kjefte, heile tida. Slitsamt dette altså!
      Ja den sekken å bera kan bli tungt i lengda!

      Siste natt kjente eg forresten at eg søv dårleg eigentleg. Lukas hoppar opp i senga, og hoppar ned att nå når det blir varmt, så eg lurar på om eg må stenge han ut - men har eg hjartet til dette? Mest sannsynlegvis ikkje.
      Og så slo det meg at eg driv med "tvangsgrubling" - ifrå ein tanke "Ho hadde ikkje tid den dagen eg hadde tid" så blei det til eit par tankar til og plutsleg så hadde eg konstruert mi eige framtid i grusamme fargar og forferdeleg sinnstilstand over dei neste to-tre vekene. Katastrofemaksimering eller noko kalla dei det trur eg?

      Tidlegare så skreiv eg ned veldig mykje av dette, men ikkje nå lenger, men kanskje skal eg begynne med det igjen?
      For det er faktisk også noko som hjelpar.

      Takk for mange gode tankar og ha ei god helg du også Knut!

      Slett