8. juli 2015

Hva er det for nokre rare sko du har på deg da???

Eg har nå i år for første gong hatt ei løpeøkt.
Altså eg meinar sånn ordentleg løpeøkt.

Eg har jo løpt i skogen, veksla mellom løping og gange og har hatt god erfaring med det, heilt opp til 7km så langt.
Men nå kjenner eg at det er på tide å utfordre føtane mine litt meir, sånn gradvis.
Back to the road, liksom.
Det har blitt ein god del løpeturar i skogen i alle fall - veksla mellom løp og gange.
Eller i alle fall, tilbake til strukturet og forsiktig løpetrening.
Eg er ikkje heilt sikker på kva slags løpesko eg skal bruke framover, sidan mine gamle ikkje lenger er gode å ha på, synst eg. Dei blir for trange.

Men skospørsmålet føler eg er litt sekundært. Først er det føtane som skal fungere.
Enn så lenge bruka eg då Fivefingers.
Så sist torsdag sykla eg ned til idrettsanlegget for å løpe.
Min faste plass med sykkel ved furutreet. Til min store forskrekkelse hadde det blitt hogd ned eit par kjempestore fine furutre. Men som naboen sa, dei var tørre og dermed ikkje trygt å ha der. Jaja.
Her var det også ein nabo som kjente meg igjen, som eg slo av ein prat med, og som kunne fortelle at han hadde lurt på kor hen det hadde blitt av meg i år. Han bur rett ved idrettsbanen og jobbar mykje ute med båt og andre "unyttige hobbyar som er høgst nødvendig" som han seiar :)
Plutseleg såg han ned på føtane mine og brøyt ut "Nei men kva er det for nokre rare sko du har på deg da?" Og så lo han godt.
Eg forklarte dette med Fivefingers.
Han syntest det var artig.

Klokka var berre 11, sidan denne torsdagen var ein av desse super varme flotte sommardagane som me hadde den siste veka, og eg ville unngår steikesola på ettermiddagen. Grusvegen rundt idrettsanlegget målar ein kilometer, og her blåsar det alltid litt, vegen ligg rett ved elva og ut mot Seljordsvatnet, så det pleier å vera kjølegare her når det er varmt enn f.eks. i skogen. Trærne langs elva gir også god skygge på halvparten av runden.
Vallaråi, elva som går rundt halve eventyrøy og idrettsanlegget.
Her er det godt å kjøle seg ned når ein løper i varmen.
Eg skal ta det pent med løpinga.
Så då blei det éin kilometer av gangen. Ein runde, og så litt gåing, litt forsiktig tøying, litt løpeteknikkøvelsar, berre roe ned, la føtane kjenne på den fine mjuke plenen ved anlegget, la dei restituere seg litt.

Så ein runde til.
Og så ein runde til.
Ferdig.
Det var morsamt å bli så fort ferdig, sånn samanlikna med tidlegare løpeøkter som kunne vare i timesvis.
Men greitt var det, moro var det. Etterpå blei det avkjøling av leggane, og med Fivefingers på er det jo heilt genialt å vasse i elva.
Vibram Fivefingers Spyridon, som eg løp med. Veldig kjekt når ein skal kjøle ned leggane i elva etterpå, for med desse skoene på så har ein utruleg godt grep på sleipe steinar, også i nokså sterk strøm som her. Såå kjekt!
Dagen etterpå var føtane også heilt fine.
Ååå så fornøydd eg blir altså!
Etter denne økta har eg pga varmen prioritert sykling og svømming bading, og turar med Lukas, eg trur eg kan godt ta det roleg med løpetrening framover.
Spesielt sidan eg går tur kvar dag, og trenar styrke faktisk så mykje som tre gonger i veka, og der får føtane stor belastning også, spesielt når eg løfter tunge vekter, som på markløft.
Markløft - personleg rekord 75kg (maksløft) ellers sånn rundt 55-60kg (5-10 reps) 
Treningsmessig går det altså virkeleg bra.
Min psykiske helse er derimot så som så, så lenge alt går sin gang, går det greitt, men eg lever fortsatt med små marginer når det gjeld belastning, det skal lite til for at det blir for mykje.
Men slik har det jo alltid vore.
Frå kveldstur med Lukas - når ein ikkje har det bra er det
viktig å legge merke til dei små positive og vakre tinga. 
Turane med Lukas er fine. Av og til så er me kanskje litt på forskjellige planetar, men så godt det er å tusle seg ein tur. Det hadde eg jo aldri funne på aleine.


Det er berre å ta ting som det kjem, og ikkje bli frustrert om eg må ta ein heil dag pause frå alle slags aktivitetar, og unnar hovudet mitt ein pause.
Selfie på brygga - berre la meg sove litt her nå...
Sommarvarmen har gjort godt.
Eg har elska den varmen som var!
Det er berre så mykje lettare å slappe av når det er varmt.
Og eg elskar sol og varme!
Frå badebrygga i Kviteseid. Og 28gradar i skyggen. Varmt i sola. NYDELEG.
Ein ting som eg har skjønt nå er at eg har forsømt svømminga. Den siste veka så svømte/bada eg heile tre gonger, dvs saman med ei venninne, så dagen etterpå aleine.
Svømming i Seljordsvatn. Det gir sommarfølelse, og triatlonfølelse!
To dagar seinare blei det også ein stopp på ein sykkeltur med innlagt bading.
Det var 28gradar i skyggen ved Statoil i Kviteseid.
Då droppa eg rett og slett singleten og sykla i Speedotopp.
Det er ein ganske seig bakke opp frå Kviteseid må vite!
Bratte bakkar ser aldri bratte ut på bildet. Denne her er heller ikkje så bratt,
men den er lang. Heile 5km. Men den er fin.
Det blei til at eg svømte i trishorts og speedotop og i nyyydeleg vatn ved brygga i Kviteseid. Eg har alltid med eit par svømmebriller og ei svømmehette i bagen bak setet på sykkelen nå på sommaren når eg plutseleg kan koma forbi eit vatn med god badetemperatur.
Svømmebriller og svømmehetter - "minimal swimming":D Men rosa er viktig ja.
Her er det på brygga i Kviteseid der vatnet var deeeeeeeileg varmt!
Kviteseid. Her legg kanalbåten til. Og her er det ofte fin temperatur i vatnet å bade i.
Spesielt når det blåsar frå riktig retning. Det var moro å svømme i bølgene. DIGG!
Det var heilt nydeleg å svømme med bar mage - herleg å kjenne vatnet rundt kroppen, utan begrensning av våtdrakt. Den følelsen har eg savna. Bølger var det også. Og ungar som trena på å stupe.
Det minte meg litt om mine somrar som lita jente, der me bada stort sett kvar dag (vanntemperaturen var eigentleg alltid bra om sommaren), og leika oss og herja i og rundt elva.
Så når det blir god badetemperatur her, og det lar seg svømme utan våtdrakt, då blir eg utruleg glad, då er sommerfølelsen her.

Yndlingsmotivet mitt, trur eg. Fjell og vatn og sommar og bading. Herleg!
Nydeleg.
Heaven.
Å du deilege sommar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar