23. juli 2015

Terapisamtale nr.52

Ja det var altså terapisamtale nummer 52 i løpet av knappe tre år som eg hadde siste veke i juni i år. Høyrest ut som eg har hatt ganske mange, men dette er faktisk mange færre enn eg har hatt mellom 2006 og 2011...

Nå er det slik at eg ikkje har blogga så veldig mykje om helse i det sist, dvs mental helse, og det har eg savna, sidan denne biten av livet mitt har veldig mykje å sei for korleis det går, og ikkje minst korleis det går med treninga.
Spontansvømming under sykkeltur - av og til så hjelpar det med "kuldesjokkterapi" -
mot akutt nedstemthet og mentalt kaos i hodet. Det var i-i-i-iskaldt i vatnet.
Men som oftast er det slik, at anten så går alt bra, mentalt sett, og då er det jo ingen grunn til å blogge om det, ellers så er det slik at eg er såpass langt nede psykisk at eg ikkje orkar å blogge om det, sjølv om det hadde vore nyttig og eg gjerne hadde gjort det.
Det er rare greier, den mentale helsa vår.
Nå er det også slik at terapisamtale nummer 52 er den siste i rekka med terapeuten min. Ho, la meg kalle ho "M", har hjelpt meg veldig mykje med å rote rundt og rydde opp i gamle greiar. Mykje meir enn forrige psykologen har klart.

Me kom liksom meir til bunns i saka. Ei utredning ved DPS utelukka også dei flest diagnosane, mens eit par stykke var relevant for meg. Og sjølv om det kanskje ikkje er så hyggleg å få ein diagnose på mental sjukdom (då er du liksom gal på ordentleg da :D) då får ein eit godt og konkret utgangspunkt å jobbe med, og derfor fekk eg oppklart så mykje meir på dessse 52 samatalene enn gjennom terapien i 5år med forrige psykolog.
På veg til møte med fastlegen - "M" er også passe dyktig sjåfør.
Praktisk med sjukehusbil.
Eg hadde aldri kunna tenkt meg å få eit så godt forhold til ein kvinneleg terapeut heller, og eg har mine (bak)grunnar for det. Men M har vore strålande, flink, nøyaktig, både empatisk og krevande, forståelsesfull og spørrande, morsam og alvorleg. Ho presenterte seg som eit heilt menneske, så mykje meir enn brre terapeut, og behandla meg også som eit menneske. Det gav gode forutsetningar for å kunne jobbe grundig med smertefulle og traumatiske opplevelsar frå gamle dagar.

Dessverre så er det slik at ho, M, har valgt å fortidspensjonere seg. Det kom ikkje eigentleg som eit sjokk på meg, sidan ho er så flink til å balansere livet sitt, noko som er viktig i jobben som terapeut, trur eg, så nå skulle ho bruke tida til familien framover. Pussig berre at eg aldri har sett på ho som "gamal nok" til å kunne fortidspensjonere seg. Ho er ei såpass sprek flott dame som er oppegåande og ung til sinns, så då eg fekk høyre nyheitane i februar i år, kom det allikevel som eit lite sjokk på meg, litt uvirkeleg.
Terapeuten min "M" var med på Haukeli i fjor, slik ser ho ut :D 
Men - då blei altså terapisamtalen nr.52 den siste for meg hos henne.
Noko som eg ikkje får gjort noko meir med. Det er eit kapittel som er avslutta nå. Eg er veldig lei meg og savnar ho.
Eg er heller ikkje "ferdig".
På ein måte så trur eg ikkje alle ting kan fiksast, eller bør fiksast, hos eit menneske. Det er saker og ting hos meg som ikkje går an å fikse, men dei går det fint an å leve med.
Mykje av dette har eg altså lært gjennom dei 52 samtalene. Krisehandtering stod øverst. Avliving av livsmsyter (såkalla "levereglar"). Og litt til.

Framover så skal eg bruke den nye fastlegen min for å sortere mentalt rot.
Eg er fortsatt ganske mykje plaga med vonde drømmer og mareritt, og til tider så blir eg ramma av såkalla emosjonelle flashbacks, der eg på ein måte blir satt tilbake til ei tid eg ikkje hev lyst til å gjenoppleve - samtidig så meiner ubevisstheten min at når me først har rota rundt i gamle greier, så må me også bli ferdig med det, og det er eg visst ikkje heilt allikevel.

Så då dukkar det opp. Plutseleg. Eg skjønner det ikkje der og da, men skjønner at alt er feil, alt er gale, ingenting hjelpar, eg er ikkje meg sjølv, eg er både i kampmodus, på flukt, på vakt, er irritabel, sint, utslitt, deppa, fortvila og ingenting ser ut til å hjelpe. Ein løpetur i fint vêr - som eg ellers hadde kosa meg med (hey - eg kan løpe - utan smertar i foten! Det er jo bra det!?) - den løpeturen er eg faktisk ikkje heilt med på - sånn eigentleg. Er berre sliten og sint. Overmanna av noko eg ikkje vil vera med på - gamle følelser, gamle greiar som fangar meg, og som eg ikkje kan kvitte meg med om eg enn prøvar så hardt.
På løpetur. Men eg er ikkje med.
Spennande å ta bildet av meg sjølv med tomt blikk...
Gjennom terapien har eg lært meg å takle desse dagane når det står på som verst. Men eg ville eigentleg aller helst ha rydda opp og asvlutta det som ligg bak det heile - slik at eg slepp slike episodar i størst mogleg grad framover. Eller at dei varar mindre lenge.
Men me rakk ikkje å koma dit, eg og terapeuten min. Dei 52 samtalene strakk ikkje til, me kom ikkje så langt.
Så nå skal eg jobbe vidare med dette sjølv, med støtte frå den nye fastlegen min. Eg orka vel eigentleg heller ikkje å møte ein ny terapeut med det same, det er ganske slitsamt og krevande å starte med ein ny behandlar. Og etter til saman ni år med terapi treng eg ein liten pause.
Lukas er ein god lyttar, og han har fast stilling hos meg som pelsterapeut :D
I dag er det dag 4 på denne emosjonelle flashbacken, og eg har nesten kome meg ute av den. Ellers hadde eg verken orka eller greidd å skrive dette her. Hodepinen er bedre, muskelkrampene i skuldrene og pustemønsteret er blitt bedre, og eg greiar faktisk å slappe av.

I går greidde eg å rusle tur med Lukas i skogen i over to timar, og det gjekk heilt fint, mens eg kvelden før måtte snu etter 15min fordi eg rett og slett ikkje greidde å gå - hodet mitt var i kampmodus, heile kroppen var det, det var heilt forferdeleg.
Så heldigvis har ting roa seg nå.
I skogen i går - fem minuttar utan mentalt kaos, berre sol i ansiktet og vind i håret. Godt.
Ekspertane seier at det er lurt å verbalisere slike opplevelsar, dvs sette ord på dei, slik at ein brukar den prefrontale kortex (hjernebarken) til å bearbeide desse emosjonelle episodane. Det er nemleg igjen "amygdalaen" som overreagerar, slik eg har skrive om før i innlegget mitt om den overaktive mentale røykvarsleren min, aka amygdala. Neste gong det dukkar opp ein flashback er denne rasjonelle hjernebarken min kanskje raskare ute til å sette ord på kva som skjer, og flashbacken blir mindre intens og varar kanskje kortare tid?
Eg håpar det.
Eg skal prøve.

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett