12. september 2009

Tjörn HalvIronman 2009 del 2

Del 2 av Tjörn HalvIronman race report..

Sidan min første halvironman blei ei kjempefin oppleving, er det eigentleg ingen dum idé å dele konkurranserapporten om den i to.
På denne måten kan eg mimre litt lengre.
Hør var eg?* * hvor var jeg?
Ja visst.
Syklinga var unnagjort,
og i T2 og målområdet var det masse folk som såg på og heia, og stemninga var så flott at eg måtte tilbringe heile 3 minuttar i T2!
Heile 3 minuttar... kor langt tek det eigentleg å sette frå seg sykkelen og skifte til løpesko?
Hm.
Eg hadde det definitivt ikkje travelt denne dagen, og slo av ein prat med Tove, som stod eit par syklar unna og som var i ferd med å pakke sakene sine.

Men eg greidde å rive meg laus frå moroa og fekk med meg ein ekstra gel, capsen og ekstra trøye og ga meg i veg for å springe halvmaraton.
- - -
Min så langt beste tid på halvmaraton var på halvmaratondebuten min i Fevik i 2007, på 1:54. Men den gongen var eg så fersk og visste ikkje bedre, og hang meg ein hurtigløpanden gjeng dei første kilometrane i motbakken, noko som resulterte i at eg sprang vidare med hold i 40min.. eg hadde ikkje peiling på kor lang tid eg skulle bruke, og det var kanskje like greitt, det.
Min andre halvmaraton hausten 2007 (Vest-Telemark karusell og kretsmeisterskap i halvmaraton) sprang eg på omtrent 2timar, sidan eg igjen hadde hengt meg på ein fyr som tidlegare hadde påstått at han skulle bruke 6min/km, noko som eg au hadde planlagt. Planen sprakk, og beina mine også den gongen, fyren brukte nemleg 5min/km ca, og eg var dårleg trent for distansen og beina stivna fullstendig etter ca 14km der eg lot fyren springe vidare aleine. Eg må tilstå at eg ikkje alltid trivst så godt på små arrangement når det er så veldig få deltakarar, og den gongen var eg ein av til saman berre fem deltakarar, og eg savna selskap i løypa. Så eg gjorde så godt eg kunne for å henge med.

Dette ville eg ikkje gjera i Tjörn.
- - -
Denne gongen skulle eg ikkje tenke på tid, men springe i midt "roleg langtur - tempo" som ligg på rundt 6min/km, eller så fort som det ville kjennes riktig.
Fire rundar skulle tilbakeleggast, ikkje spesielt kupert, men med ein bitteliten ganske bratt motbakke rett etter den første drikkestasjon ved T2.
Som ekte Vest-Telemarking nå med alle desse bakkane her som eg likar så godt å klage over, var det sjølvsagt ikkje snakk om å GÅ opp denne vesle bakken. Ikkje eingong med magen full av cola. Og i alle fall ikkje ved sida av ein triatlet frå flate Tønsberg..
Eg kosa meg veldig på løpedelen. Dei mørke skyene som etterkvart hadde bygd seg opp under den eigentleg blå himmelen kasta heldigvis ikkje meir av seg enn nokre få dråper, og det var berre ein velkomen avkjøling i den sommarlege temperaturen i Skarhamn.
Eg sprang i jamn fart og stoppa ved alle drikkestasjonar. Gelposen blei ikkje rørt, men Saltsild
blei plutseleg kjempegodt. Eg fekk riktig god matlyst undervegs, noko som ikkje er heilt typisk meg. Eg har ikkje hatt ordentleg matlyst på eit par år kanskje. Sultfølelse ja, men lysten på mat var ganske fråverande pga kronisk stress (-mage).
Men den kom plutseleg tilbake under løpinga, så det var kjekt! To stk saltsild per runde saman med Cola og litt vatn utgjorde væske- og drikkeinntaket mitt, og det funka bra og eg kom meg godt og fornøydd i mål etter ein halvmaraton på 2:10.
I målet venta arrangørar, funksjonærar og publikum, det blei 2.plass i min tävlingsklasse, med premie: sild (denne gongen ekte svenske varer) og sykkelbukse (kjempebra bukse frå Newline, seier eg som ikkje kan fordra sykkelbukser eigentleg). Dessutan masse frukt, nøtter og drikke og Gainomax recovery (vaniljesmak, noko av den beste proteindrikk eg har smakt så langt), intervju, gratis massasje (for den som orkar å vente i køen) og masse god stemning.

Arrangøren av Tjörn Triatlon skal eg berre skryte av her, ho er ei kjempeflink og veldig sympatisk dame som virkeleg skjønner å skape eit godt gjennomført kvalitetsarrangement med super stemning, og som fortener masse ros!
På grunn av alt styret mitt med bilen var eg også plutseleg i beit for mobilladar, og det var ingen mindre enn Lotta själv som eg fekk låne mobilladar av. Härligt:)

Eg unnar henne virkeleg å henge rundt halsen på kjekke Ted Ås... :-D

Tjörn Triatlon er eit arrangemet som eg virkeleg kan anbefale den som har lyst på ein HalvIronmandistanse og ikkje vil køyre så langt.
Det er HalvIronmandistanse på laurdagen med raceparty på kvelden med mykje (til og med når mange sultne triatletar er til stades) god mat og mykje hyggeleg folk, mens det er duatlon, Sprint Triatlon og barnetriatlon på Søndag.

Så skal eg takke for alle som har støtta meg undervegs:
- kokken på restauranten i Henån som viste seg å vera bilmekanikar og som diagnostiserte bilen min
- den hjelpsame svensken som hjelpte oss å starte bilen med sine startkablar, også i Henån
- Bent for vidareformidling av telefonnummer
- Erik og Tove for å tilby hjelp (sjølv om dei eigtl var for langt unna)
- han svensken som hjelpte å dytte bilen min når den stod fast i rundkøyringa i Myggenäs
- Tina som me leidde huset av, som lufta Binna på konkurransedagen og som var jättesnäll
- Helene som var kjempetolmodig til tross for at det blei litt meir styr enn venta
- Eva for lånet av triatlonbukse
- Hårek for lånet av tempostyrestøtte
- Marie for sykkelcomputer
- Caroline for pulsklokke
- Lotta for lånet av mobilladar og eit kjempefint Tjörn Triatlon

Og det var det :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar