11. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report - del 2 -

Nå er det akkurat ei veke sidan IM i Frankfurt.
Då er det på tide å bli ferdig med rapporten...

Del 2 - Sykling

Eg hadde aldri før sykla 180km før. Eg hadde heller aldri sykla så lenge som eg trudde at eg kanskje kunne koma til å bruke på denne distansen.
Den lengste sykkelturen min hade vore litt over fem timar. Den lengste distansen 13mil. Men kor mange høgdemeter denne 13mil lange turen omfatta, er eg ikkje lenger sikker på.
Uansett, det var den treninga eg hadde greidd å gjennomføre som forberedelse.
Meir enn dette, og eg hadde kanskje ikkje vore i stand til å restituere meg frå treninga. Og det er jo når ein restituerar, at kroppen bygger seg og, on blir litt sprekare enn før.

Derfor var det kanskje også sykkeldelen eg hadde mest respekt for.
Heile 185km???
Kor mange timar på sykkelsetet betyr nå dette for meg?
Og korleis vil beina mine kjennest etterpå?
Søndag 4.juli 2010 fekk eg svar på desse spørsmåla.


Søndagen var det heldivis litt overskya, dermed var dei 30gradane ikkje så varme som frykta.
Sykkelløypa på IM Germany består av eit lite stykke frå Langener Waldsee inn til Franfurt, og så ut att, der ein så skal sykle ei sløyfe på 90km to gonger.

Den første mila. Ei lang rekke triatletar i 30km/t, og ei fil for forbisyklande, og tilskuarar.

Sida den første mila var flat, gjekk det flott og lett, og silhouetten til Frankfurt sentrum låg i disen i det fjerne, litt uvirkeleg for meg. Og i tillegg så tidleg på morgonen..

Dei første 10km inn til Frankfurt sentrum. Flott silhouette!

Dei første 50km var eg utruleg rastlaus. Eg syntest at det var altfor tidleg på dagen til å sykle, og dessutan hadde eg enno ikkje kome så langt, eg var rett og slett utolmodig.
Men det gjekk ikkje an å kjede seg så veldig på sykkelløypa rundt Frankfurt.
Med jamne avstad kom me gjennom små landsbyar og tettstadar.
Ein av dei meir kjende stadene og motbakkane er "The Hell" på km 30.

Brosteinunderlaget ved km30/115: "The Hell". Her ristar det godt.

Det som også etterkvart gjorde at tida gjekk fort, var at det var utruleg mange tilskuarar, nesten overalt. Spesielt gjennom "The Hell" stod folk tett inntil, og heia og ropa, skikkeleg øyredøyvande. Brosteinen fekk sykkelen min til å riste så voldsamt, og det låg ein del sykkeldelar strøydd omkring, spesielt eit aero-flaskestativfeste som låg midt i vegen la eg merke til.
Det rista så voldsamt at det faktisk var vanskeleg å sjå. Og eg måtte le.Kva for eit syn var eg, tru? Eg kan ikkje skjønne korleis ein kan halde større fart på slikt underlag. Men dei som er meir proffe enn meg, la seg vel ikkje skremme av slikt.

"The Hell". Legg merke til den stappfulle lomma på buksa. Eg skulle i alle fall ikkje gå tom for mat!

For det meste var det kjempefin asfalt (bortsett frå sjølve sentrum i Frankfurt, der det var mykje vegarbeid og littegrann skinner frå trikken), idyllisk landskap med kornåkre. Der eg forresten blei minna på at eg reagerar ganske voldsamt allergisk på rug. Det var ein del rug som blei dyrka der. Det kan eg sjå frå sykkelsetet, er jo ikkje agronom utan grunn. Det blei mykje snørr liggjande på vegen etter meg. Godt at drafting ikkje er tillatt og syklistane bak meg måtte halde avstand...

"Heartbreak Hill" er ei anna kjend stigning. Den hadde eg og Helene inspisert to dagar tidlegare, og døypt om til "kyllingbakke". Me hadde då sett og sykla verre enn dette i Vest-Telemar, begge to!
Men der er faktisk sant som dei seier, at ein får Tour de France-følelse her. Spesielt på den første runden, så stod folk heilt utruleg tett inntil.
Og heia noko voldsamt. Der var det skikkeleg folkefest med musikk, grilling, mat og drikke og band og familiar med barn og utan og veldig bra stemning.
Kanskje var ikkje sjølve bakken så bratt, men den var ganske lang.
Men nå kunne eg endeleg profitere av mine mange bakkar her rundt Seljord. Lett som ingenting sykla eg forbi eit par tre stykke, og måtte smile litt for meg sjølv då eg passerte eit par "proffe" og aerodynamiske mannlege triatletar med både platehjul, karbonsykkel og tempohjelm.
Då var det kjekt å vise meg fram, og folk rundt jubla enda meir for slik opptreden.

Det er viktig å smile. Både fordi tilskuarane likar det og då heiar endå høgare, men også fordi kroppen då trur at dette er "moro" (noko som det faktisk var. Og eg måtte nesten le av entusiasmen som folk viste. Det var veldig hyggeleg. Så smilet var ekte). Her på toppen av "Heartbreak Hill".

Etter den første runden og fire eller fem passerte drikkestasjonar hadde eg også endeleg lært meg å FØRST kvitte meg med drikkeflaskar, for SÅ å ta imot nye, og i kva slags rekkefølge vatn og sportsdrikke, powerbar, gel og banan blei bydd fram.
Glad var eg også for at eg hadde prøvesmakt dei ulike typane gel og powerbar på trening.
Med stor forskrekkelse oppdaga eg nemleg at eg hadde tatt imot ein "blå" gel, som altså er vaniljesmak, og sidan eg visste at eg ikkje kunne fordra den, opna eg den ikkje eingong, men sykla ei stund med denne gelposen i handa og lurte på kva eg skulle gjera med den.
Meir rutinerte triatletar hadde nok kasta den frå seg med det same, men eg tenkte på "Wettkampfbesprechung på fredag, der det blei sagt at "littering" ikkje var lov, og straffa med gult kart, minst. Og mine lommar var stappfulle med proviant frå før.
Eg bestemte meg for å kaste posen saman med tomflaskene ved neste drikkestasjon, og be om "lilla" eller "grøn" gel i stadenfor. Noko som gjekk veldig bra.

Etterkvart så begynte eg å lure på om det var eit eller anna i powerbar som hadde prestasjonsfremmande virkning på meg. Så snart eg hadde skylt ned dei siste bitane av ein halv powerbar med litt vatn, så følte eg meg som ein veltrent travhest som nettopp har fått havren sin, og beina kjendest sterke og spreke og humøret var på topp.
Eg hadde god tid til å filosofere undervegs på kva grunnen til dette var.
Kanskje sidan powerbar er tysk? Ein eller annan hemmeleg ingrediens som eg har smakt i barndommen min, og som kroppen min har savna sidan, og endeleg fekk nå?
Kanskje var eg berre heldig.

Til saman så hadde eg med meg fire drikkeflaskar. Ei flaske i stativet bak setet bytta eg ikkje før eg var ferdig med syklinga, sidan det var sportsdrikka som eg hadde blanda sjølv. Som ein slags reserve. Vidare hadde eg med ei 0,5L flaske (det er det som er plass til på sykkelen min, som har jo ganske låg ramme) med vatn, også som reserve, og til å blande inn "Samarin", i tilfelle kvalme, noko som eg har opplevd på trening.
Så var det plass til to 0,75L flaskar som eg alltid bytta mot vatn og sportsdrikke på alle drikkestasjonar. Sjølv om powerbar sportsdrikke også er godt, så smakte det faktisk best med vatn.

Vidare hadde eg teipa fast eit par salttablettar direkte på styret. Dei smakte utruleg godt. Nåja, i alle fall kanskje det første minuttet, der behovet for salt var stort. Eg trudde alltid at salttablettar smakte vondt. Det har eg høyrt. Men eg tok sikkert fire stykke i løpet av syklinga, og sugde faktisk littegrann på dei i starten, til eg absolutt hadde fått nok av saltsmaken. På denne måten så trur eg kanskje at eg opprettheldt evnen til å drikke og ete søtt heile tida?

Eg hadde ikkje noko spesiell plan for kor mykje eg skulle ete eller drikke. Eg hadde jo vore sulten heilt sidan svømminga, så eg hadde faktisk god matlyst på sykkelen nesten heile tida. Tørst var eg også, sidan det var så varmt. Kanskje sidan eg låg litt etter med mat- og drikkeinntaket, så absorberte kroppen min alt med det same?
Heldigvis så gjekk det nemleg veldig bra å både ete og drikke på sykkelen. Sjølv om eg mot slutten av turen merka ein viss motstand på å tygge i meg powerbar. Men banan smakte alltid godt. Og trengte ikkje tyggast. Bra.

Mot km 175 hadde eg det fortsatt bra og ganske moro med ein annan fyr, som eg alltid sykla forbi i motbakke og utforbakke, og som passerte meg igjen på flata. Eit par tre-fire gangar. Og så gleda eg meg til å koma til Frankfurt og begynne på løpinga. Nakken min og skuldrene mine hadde nemleg fått nok. Eg fann på fleire og fleire måtar å tøye nakkemusklane mine på undervegs. Han eksotiske tysktalane fyren med tempohjelm og platehjul som eg slo følgje med hadde også nokre spennande tøyevariantar.

Eg har blitt enda meir glad i landeveissykkelen min. Den funka fint og trillar lett og raskt i utforbakke. Det er moro å trille nedover når andre i same bakke må tråkke for å halde farten!

Eg var glad for at ChiCqiloen blei heime og eg hadde tatt med Marvil'n min. Sittestillinga på den er nok meir behageleg for ein så lang sykkeltur. Bedre plass på styret å legge hendene på har den også. Den nye kompaktkranken funka veldig bra og gjorde nytten sin.

Dei siste km gjennom Frankfurt mot T2 gjekk utruleg fort, og sjølv om eg eigentleg gjerne hadde kjent litt meir på steminga, så var det litt krevande å følge med på løypa og tilskuarane så tett inntil vegen utan avsperring. Men tilskuarane oppførte seg veldig siviliserte og gjorde slik som politiet/IM-hjelparane sa, slik at det heile blei ganske trygt likevel.

I full fart rett gjennom Frankfurt sentrum.

Så kom dei siste 100m til sykkelløypa og blei nesten vemodig at syklinga alt var slutt, og letta og glad over at eg hadde greidd den delen som eg hadde frykta mest, så bra.

Her ser ein dei siste 100m me sykla, og den vesle raude løparen ut frå skiftesona.


Snart er eg i T2. Syklinga er gjennomført!!
Bildet har eg knabba frå Thomas Becker. Han har mange flotte bilder frå IM Germany 2010 på flickr.

Når eg fyrst hadde tid til å stoppe, og skulle skifte, så tok eg meg faktisk tid til ein aldri så liten tissepause. Å gå på do med sykkelhjelm gjer eg ellers sjeldan. Men tatt i betraktning størrelsen på denne "stille Örtchen", som den blir kalla på tysk, så var det praktisk. Ein slår seg i alle fall ikkje på hovudet...

Ut av T2 er det lagt raud løpar. Det er hyggeleg. Eg hadde eigentleg planlagt å gå dei første 10minuttane, men så er det igjen desse tilskuarane, som heiar og oppmuntrar, og då måtte eg rett og slett jogge eg au...

Ut av T2 og opp på den raude løparen. Sidelommene på buksa er fulle med lenge ettertrakta grøn powerbargel og annan proviant. Eg ser konsentrert ut. Det var eg. Det måtte eg vera for å starte ein maraton etter tilbakelagte 185km på sykkelsetet..

(to be continued...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar