9. juli 2010

Ironman Germany 2010 - Race Report - del 1 -

Nå skal det bli ordentleg race report her.
Frå min første IRONMAN.
Hurra!
Det kan ikkje feirast og jublast nok, fordi ein ironman er ein lang distanse, og Ironman Germany blir kalla "Der längste Tage des Jahres" (Årets lengste dag, men dette skjønte de vel).

Så det er ingen selvfølge å koma i mål.
Det er ikkje eingong sjølvsagt å koma i start.
Slik at eg er kjempeglad for at eg greidde å koma i mål, og ha det moro undervegs i tillegg!

Men nok med det.
Meir om Årets lengste dag i 2010, Frankfurt, Germany:

Før start:
Me stod opp kl.3.00. Det var eigentleg heilt utruleg at eg sovna kvelden før, ca 23:30. Og sov utan avbrekk til 3.00. Eg trur nok eg hadde nervene mine under kontroll, og gledar meg meir enn at eg grua meg.
Ute var det fortsatt grålysning mens eg, Helene og Tove rusla dei fem minuttane til haldeplassen for shuttlebussen som skulle frakte oss til T1 ved Langener Waldsee.
Det var god plass i bussen, og mens Helene og Tove pratar muntert i veg, leita eg FEBRILSK etter tidtakarchipen i sekken min.
Eg var sikkert på at eg hadde pakka den.
Men kor hen hadde den eigentleg havna? I den blå, raude eller kvite posen?

Eg håpa at den ikkje hadde havna i den raude "beutelen" med løpetøyet mitt, for den hang jo i T2, som er i sentrum av Frankfurt, langt unna og utanfor rekkevidde før start!
Utan chip - ingen tidtaking, må vite. Utan tidtaking - ingen offisiell målgang.
Heldigvis så kjente eg plutseleg ein liten plastbrikke og borrelås nederst i sekken min, der var jo chipen!!
Akkurat der den skulle vera.
Eg tok den på med eingong.
Hadde eg hatt med hengelås, hadde eg vel låst den til ankelen min. For å vera sikker.



Søndag, 4.juli 2010, klokka 5:09. T1 ved Langener Waldsee. Enno er det mange syklar som er godt pakka inn.

Me kom tidleg fram til T1, og eg greidde også fort å få tak i ei av dei 50 sykkelpumpene som stod til disposisjon. Ein helpar (ein av utallige!) heldt sykkelen min for meg, og me diskuterte ei stund kor mykje trykk eg skulle ha i dekka. Det blei mellom 7 og 8 (bar?psi?hektopascal?Eh..), heller på den sikre sida med mindre trykk når det er meldt over 30 gradar i løpet av dagen.

Så sjekka eg om reserveslangane fortsatt var på plass, fylte drikkeflaskene, skrudde til pedalane litt til, sjekka bremsene, la inn eit lett gir for ein god start, festa sykkelskoene på pedalane, la hjelmen på styret med sykkelbrillene i, hengte startnummer ved sida og sjekka den blå beutelen ein siste gong.
Hadde eg med alt?
Eg skulle svømme i badedrakt, og dess viktigare var det då at eg hadde med triatlonbukse og -topp i den blå posen. Men alt var på plass. Eit lite handkle, solkrem, bukse og topp, eit par Powerbar, eit par gel... var det alt eg skulle ha med på denne sykkelturen, som på grunn av vegarbeid ikkje berre var 180, men heile 185km lang?

Stativ for dei blå "beutlane", som skulle innehalde alt nødvendig til sykkelturen.

Eg hadde så god tid at eg gjekk rundt og inspiserte korleis andre triatletar ordnar seg foran ein Ironman:

Her var det nokon med god matlys, vil eg tru.


Timo Bracht, med startnummer 1, fjorårets vinner sjekker ventilane på sykkelen sin. Godt at han ikkje ante at han ville punktere etter berre få kilometer på syklinga.


Enda ein av favorittane, Chris Mc Cormack.

Fjorårets vinner og årets (og min) favoritt blant proff-kvinnene, Sandra Wallenhorst, blir intervjua.

Då klokka nærma seg 6:30 var det tid for å levere inn den siste beutelen: den kvite. Den skulle innehalde alt eg ville trenge rett etter konkurransen. Ein merkeleg tanke. Etter konkurransen. Det virka litt fjernt der og då.
Men til slutt fekk eg levert den også, og stod der, i badedrakt, med svømmehette, svømmebriller og øyrepluggar i handa. Utan våtdrakt og i harmlaus badedrakt hadde eg meir følelsen av å gå til stranda for å bade, enn at eg var i ferd med å starte min første Ironman. Og svømme 3,8km, noko som eg faktisk aldri har gjort før.
For å vera ærleg: den samla svømmedistansen min for april, mai og juni var ikkje eingong 3,8km...
Men eg hev tru på at ein blir god på det ein likar, og eg likar å svømme, og derfor såg eg eigentleg fram til dei to rundane i Waldseen.

Slik såg det ut, like før start, ved Langener Waldsee.

Sidan det er EM i Langdistansetriatlon i Frankfurt, blei den tyske nasjonalhymnen spela. Om eg og Helene ikkje alt var klar over kva me hadde begitt oss på, så blei det i alle fall tydeleg for meg da.
Ved vanntemperaturen over 24,5 gradar er det ikkje lenger lov å bruke våtdrakt, og på søndagen låg temperaturen godt over 25 gradar. Vatnet var grønt og litt grumsete, men blei meir klart dess lengre ut ein kom. At vatnet ikkje var heilt gjennomsiktig var eigentleg ikkje så dumt, sidan eg nesten fekk følelse av å svømme aleine, så lenge armar og bein rundt meg heldt ein avstand på over ein meter, altså utanfor sikteavstand (som ikkje skjedde så ofte, men av og til).
Marie hadde anbefalt meg å plassere meg nærme startlinje, og eg fann meg ein plass på yttersida, ca 8m frå startlinja.

Nokre sekund etter start. Kanskje er eg blant desse der?

Vatnet var behageleg å svømme i, og eg fann fort ein god rytme, og kunne halde den i alle fall den tida eg ikkje kræsja inn mot nokre brystsvømmer-bein, som det er tryggast å halde seg langt unna.
Den første runden (på ca 2900m) gjekk utan større problem, og pussig nok så opplevde eg å ha dei same folka rundt meg lenge. Det var han fyren som såg litt asiatisk ut, og som det var godt å henge seg bak, mens det også var han kraftige med den tøffe tatovering på høgre arm, som svømte utruleg utøft bryst, og som eg prøva å halde meg så langt unna eg kunne.

Ein er nesten aldri heilt aleine på svømminga. Med så mange svømmarar rundt blir det eit dragsug, som gjer det ganske kreftesparande å svømme. Her er det både lov og lurt å drafte!

Etter første runden kom me opp av vatnet, jogga eit lite stykke på land, og heiv oss ut i den andre og siste runden på 1900m, denne gongen medsols.
Feltet hadde dratt seg enda meir ut, og derfor var det til tider ganske avslappande å svømme. Dette hadde eg faktisk aldri trudd. Eg som nesten ikkje har svømt dei siste tre månadene, og som ikkje har trent styrke heller i heile juni, rekna med at armane og skuldrene mine ville bli ganske sliten etter å ha svømt så lenge.
Men eigentleg så har eg mykje større bevegelighet i skuldrene utan den litt for trange våtdrakta, noko som eg trur hjelpte meg å spare krefter. Uansett så svømte eg så lett at eg innimellom i staden for 2-takt pusta både etter tre og til med fire svømmetak.
Eg hadde jo høyrt at ein ikkje skal ta seg heilt ut under svømminga, spesielt ikkje når det er så varmt. Det gjorde eg definitivt ikkje.
Men ved endepunkt på runde 2 merka eg imidlertid at eg begynnte å bli sulten. Alt nå!?!
Eg hadde då ete nok til frukost. Eller?
Nå var eg glad over at eg hadde tatt med eigenforpleining i form av powerbar i tillegg til sportsdrikke, slik at eg kunne begynne å ete med ein gong eg kom meg på sykkelen.

Etter å ha svømt 3,8km på 1t25min:
Kva er det held på med? Leite etter glidelåssnora frå våtdrakta eg ikkje har på? Klemme vatn ut av håret?


Når ein går i land etter svømminga, er det ein kjempebratt bakke å gå opp, som består av laus sand. Etter vår befaring dagen før hadde eg bestemt meg for IKKJE å springe denne opp. Og det greidde eg også nesten. Det var rett og slett vanskeleg å la vera å springe når folk rundt meg heia og jubla og ropa og applaudera.
Så litt jogging bort mot blåposestativet og skifteteltet blei det likevel.

Inne i T2 bruka eg litt over 8 minuttar. Det er ganske lang tid. Men greitt for meg, eg ville heller ta meg tid til klesskift, å bruke solkrem, ordne med "Hirschtalg" (eit tysk innsidertips til førebygging av gnagsår på utsatte stadar etter mange timars sitting på sykkelsetet) og sjå til at eg fekk med meg alt eg ville ha med på sykkelen.
Dessutan tok det tid å få på meg den trange triatlontoppen, som venta. Men heldigvis fekk eg hjelp til det. Hjelparane på IM Germany er utruleg flinke og snille, og hjelpar med det meste.

Så bar det ut på sykkelen.
Eg synst det er meir behageleg å springe barbeint gjennom T1 enn på sykkelsko med stiv såle og klossar. Men eg tok ingen "flying start"ved å hoppe på sykkelen og ta på meg sko i farta. Det er mange tilskuarar ved utgangen av T1. Dette måtte nytast, og då passar det godt med eit lite stopp...

(To be continued...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar