23. juni 2014

To veker før IM 70.3 Haugesund - kva er status?

Ja kva er status nå?
Det er mange vegar som fører til Haugesund.
Kor hen er eg på vegen min da, tru???
Eg veit i all fall retninga :D
Ettersom kneskaden i januar førte med seg ein månad på krykker med etterfølgande opptrening gjennom mars månad, så har treninga mi i år vore litt - hm - kva skal eg kalle det?
Kvalitetsbetont.
Jepp.
Eg har hatt fokus på å rehabilitere kneet mitt.
Og kneet blei etterkvart brukbart igjen, noko som viste seg i slutten av april, med bra resultat i Bøsprinten.

Etterpå har eg fokusert på det eg er dårlegast mindre god på: tempoøkter.
Ettersom eg alltid fokuserar på halvironmandistanseløping, har det dreidd seg mykje om lange økter. Men det kjente eg at eg ikkje fekk til i år.
Eg orka ikkje springe langt og lenge.
Heller ein time tempo (haha ja, alt kjennest fort når du har gått på krykker i ein månad :D) enn halvannan time roleg.
.
Ikkje så mykje å skryte av her, men det får halde, for meir var det rett og slett ikkje plass til pga opptrening av kneet.

På sykkelen har eg juksa big time: Ingen lange økter.
Eg har hatt éi økt på over seks mil (eller var det den økta på 59,13km liksom? :D).
Ellers har eg langt ifrå fått "mil i beina":
Syklinga mi i vår. Transportsykling er ikkje tatt med. 
Men men, gjort er gjort.
Og eg trur i alle fall at det var kvalitet på treninga mi, om ikkje det var så stor mengde.

Når det gjeld svømminga, så har svømmetreninga nesten vore fråverande.
Kneskaden gjorde det umogleg å svømme i bassenget i vinter (dvs, eg kunne kanskje ha spjelka og teipa kneet til noko meir stabilt som kunne ha "hengt bak", men leddbandstrekk på det mediale sidebandet er vondt nok, det er lite fristande å la beinet dingle bak med eit ustabilt kne. Neeeeeei, huff, svømming gjekk berre ikkje an).

Eg treng ikkje printe ut Endomondo sin statistikk for å oppsummere mine svømmeøkter i år 2014:
Eg svømte 500m i januar, 1000m i slutten av mars, så 750m i samband med Bøsprinten 3.mai, og så 15min ute i juni (som tilsvarar ... 400m eller kva???).
Ja og så svømte eg 10m sist måndag.
Da steika sola og vatnet var deileg!
Også utan våtdrakt.
Men eg skal svømme denne veka. Virkeleg.
Er jo nødd til å prøve den nye Sailfishdrakta mi!
Som endeleg kom i posten for to dagar sida.
Og som heldigvis passar!

Teknikken på svømminga sit godt den, uansett, og styrketreninga i år håpar eg at har gitt meg litt ekstra styrke for å kompensere for eventuelt manglande teknikk/flyt.

Nå er det ikkje mykje "trening" igjen.
Det er meir oppladning.
"If you don't have excellent endurance by now, it's too late."
Joe Friel seier det rett ut!
Eg har planlagt eit par kombiøkter denne veka, dvs sykling-løp, i "racepace" og som varar sånn 1,5t kvar. Den første med meir løp, den andre med lengre sykkeldel.
Inspirert av Joe Friels bok "Your Best Triathlon" (som eg ellers har ignorert i år).
Så skal eg prøve Sailfishdrakta (åååå det gledar eg meg til - men det har vore mykje vind her i det siste, og det har blåst, så vatnet er i-i-i-i-i-iskaldt!!! Alt for kaldt for meg).
I motsetning til meg, så svømmer Lukas gjerne
 i kaldt vatn på rundt 10-12C. 
Eg synst eigentleg at denne perioden nå er spennande, og eg kosar meg litt med den.
Det er ikkje så mykje meir eg kan gjera med kondisen.
Og for mykje trening nå kan heller øydelegge formen enn å gjera den bedre.
Eg har jo personleg ganske lang restitusjonstid, så eg kan i alle fall ikkje ta sjansen på å køyre på med mange økter nå.
Heller eit par-tre kvalitetsøkter.

Og mental oppladning.
Eg ser på videoar på Youtube om triatlonkonkurransar, og da helst frå dei konkurransane eg sjølv har vore med på. For då minner eg plutseleg små viktige detaljer.
F.eks, når ein har langt hår er det kjekt å ha med ekstra hårstrikk. Er det sol, har eg faktisk med solkrem i T2-posen. Det tar kanskje berre 20sek å påføre solkrem i ansiktet, men eg synst det er vel anvendt tid, for eg kjenner at huden min toler sola bedre da.
Yndlings- og konkurransecapsen min.
Den beskyttar ansiktet litt mot sol,
 men det er kjekt med solkrem i tillegg.
Eg likar også å ha med sikkerhetsnål på race-beltet, i tilfellet noko utstyr ryk. Eg heldt f.eks på å miste startnummeret på IM 70.3 Mallorca under syklinga, viss det ikkje var for ein hyggeleg kar som gjorde meg oppmerksam på det.
Ekstra svømmebriller. Pusse sykkelbrillene. Energibar og -gel ein stad på sykkelen. Ha drikkeflaskar som du veit du har lyst til å kvitte deg med (sidan du skal bytte desse mot nye undervegs på syklinga).
Eit lite handkle for etter målgang (på fullironmandistansar får ein faktisk store handkle - men ikkje på IM 70.3).
Og så vidare.
Kjekt med drikkeflaske på tempostyret.
Men på humpete nedoverbakkar som her i Telemark
så er det smart med selfmade ekstrautstyr:
ein kraftig strikk som hindrar at flaska ramlar av. 
Eg kjenner i alle fall at eg gledar meg, uansett treningsstatus!
Første gong eg deltok i IM 70.3 Haugesund i 2012 hadde eg faktisk same type kneskade (!!!) men på det venstre kneet, og då hadde eg trent enda mindre, og måtte også legge inn gåperiodar på løpinga, fordi eg fekk rare krampar i kneet.
Men eg hadde det heilt supert likevel.

Så uansett, så er det som eg alltid har som målsetting:
Første mål er å kome til start, og andre mål er å koma i mål.

Så får me sjå kva som skjer undervegs!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar